Lastar Hendingar

Vossamessa

22. januar kl 9:30 - 15:00

Vossamessa er ei yrkes-, utdanning- og jobbmesse der elevar, jobbsøkjarar og andre besøkjande får møta utdanningsaktørar og næringslivet.

vossamesso-aarsand (4 of 6)

Behovet for arbeidskraft med rett kompetanse er aukande, og me vil dei neste åra vera heilt avhengig av at fleire lokale ungdomar vel å etablera seg i regionen. På Vossamessa får de høve til å visa fram bedrifta, og kva jobbar og karrieremoglegheiter de tilbyr. Har de eit rekrutteringsbehov, både på kort og lang sikt, er dette ei gylden sjanse.

Kven vil de møta? Vossamessa rettar seg både mot elevar, studentar og jobbsøkjarar. Her kjem elevar frå ungdoms- og vidaregåande skule, men også dei som er i gong med etter-og vidareutdanning. Du vil også treffa dei som er på jakt etter ny jobb, eller nyskjerrig på kva karrieremoglegheiter som er å finna i nærområdet.

Vossamessa vert arrangert i samarbeid med NAV Hardanger Voss.

For å vera utstillar må de melde på bedrifta innan 15. januar. Me anbefalar å lage til ein aktiv stand med engasjerande aktivitetar.

Påmelding

Stad

Voss idrettshall
Idrottsvegen 13
Voss, 5700
+ Google-kart