Kundecase:
Galleri Iversen AS
Frå investeringsidé til trygg avgjerd, med tal som held. Økonomisk beslutningsmodell for drifts- og eigedomsselskap: kontantstraum, nåverdi og scenario.
Utfordringa
Galleri Iversen kombinerer galleri, kunstsal, eige bakeriutsal og kafédrift. Verksemda vurderte ei større investering og trong eit solid beslutningsgrunnlag: Kor stor investering kunne dei forsvare? Korleis ville kontantstraumen utvikle seg over tid? Og kva ville konsekvensane bli dersom føresetnadene endra seg?
Sidan drift og eigedom er organisert i kvar sine selskap, var det også viktig å sjå verksemda samla som eitt konsern.
Kva næringshagen bidrog med?
Hardanger og Voss Næringshage, ved Otto, utvikla ein samla økonomisk modell for både drifts- og eigedomsselskapet. Modellen inkluderte konsolidert konsernrekneskap, kontantstraumsanalyse, nåverdi (NPV), internrente (IRR) og tilbakebetalingstid.
I tillegg bygde vi inn ein simuleringsmodul som gjer det enkelt å teste ulike scenario og gjennomføre raske «kva om»-analysar.
Gjennom rådgjevinga bidrog vi også med innspel til moglege tiltak og alternative vegval. På den måten fekk eigaren eit breiare grunnlag for å vurdere ulike løysingar og ta ei trygg og balansert investeringsavgjerd – ikkje berre rekne på eitt enkelt alternativ.
Resultatet
- Samla økonomisk modell for drifts- og eigedomsselskap, med konsolidert konsernrekneskap
- Investeringsanalyse med nåverdi (NPV), internrente (IRR) og tilbakebetalingstid
- Simuleringsmodul for worst / base / best case
- Innspel til moglege tiltak og beslutningsalternativ — fleire vegval belyste
- Eit varig verktøy eigaren sjølv kan styre vidare etter
“Vi fekk eit tydeleg bilete av kva investeringa inneber, og fleire vegval belyste. No kan vi sjå utslaga av ulike val før vi bestemmer oss — det gjev tryggleik. Me er svært nøgde med hjelpa me har fått. Rask respons, seriøs og svært kvalifisert hjelp.”
– Anja og Ronny, Galleri Iversen
“Det vi bidrog med, var å setje tala i system og belyse fleire vegval. Med drift og eigedom som eit konsern og ein enkel simuleringsmodul fekk Galleri Iversen grunnlag for ei god og balansert avgjerd, og eit verktøy dei kan styre etter.”
– Otto Thillmann, Hardanger og Voss Næringshage
Anja Kjosås Kaldestad
Dagleg Leiar, Galleri Iversen