Om Næringshagen

Hardanger og Voss Næringshage skal vera ei drivkraft for utvikling i regionen vår. Samlande, framsynt og kunnskapsrik. Me er ein naturleg partner i lokal og regional næringsutvikling – både innan tradisjonelt næringsliv, reiseliv og stadutvikling. Gjennom våre ulike fagmiljø – innan næringsutvikling, reiseliv og sentrumsutvikling – jobbar me målretta for å styrkja både bygdeliv, handelsliv og opplevingar som skapar aktivitet og ringverknader lokalt og regionalt. Visit Voss og Voss Sentrum er sentrale delar av organisasjonen vår, og ein viktig del av dette arbeidet.

Ingebjorgfjellet-Lars-Krovald-4

Medlemmane er dei viktigaste menneska i arbeidsliva våre, og å skapa resultat for dei er vår sterkaste kjelde til indre motivasjon. Sentrale verdiar hjå oss er ansvarlegheit og engasjement. Me er 15 dedikerte og entusiastiske medarbeidarar fordelt på kontora våre i Øystese og på Voss.

Som ein del av det statlege verkemiddelapparatet gjennom Siva, og deltakar i næringshageprogrammet, får me årlege utviklingsressursar slik at me kan tilby gode, rimelege og lokale rådgjevingstenester, med folk som bryr seg og forstår dine utfordringar. Støtta frå Siva går indirekte til vekstbedrifter, såkalla målbedrifter, som vert tekne opp etter visse krav i Næringshagen. Dei får avtale om rabatterte tenester som skal hjelpa dei til å vekse og utvikla seg. Ei målbedrift må ha potensial og vilje til vekst og utvikling for at Næringshagen skal kunne hjelpe dei. Sjekk ut våre medlemsfordelar.

Gode møteplassar og nettverk er viktig for å dyrka samarbeidet. Dette er heilt grunnleggande for å utvikla næringslivet på tvers av kommunegrenser og regionar. Av fellesaktivitetar arrangerer me ei rekke kurs, kompetansetiltak og medlemsmøter – og gjennom våre eigne avdelingar Visit Voss og Voss Sentrum skapar me møteplassar og tiltak som styrkjer både reiselivet og Voss som handelssentrum. Sjå alle arrangementa våre her.