
Kjersti Bjørke
kjersti@hardangervoss.no | +47 413 39 579
Kjersti har utdanning innan økonomi og administrasjon med mastergrad i innovasjon og endringsleiing. Ho har lang yrkeserfaring frå blant anna reiseliv og drift/leiing av familiehotell, som gründer i Sverige, som bedriftsrådgjevar på Vestlandet i mange år og ho har vore administrasjonssjef og del av leiargruppa ved ITA, Universitetet i Bergen med 120-160 tilsette. Styrekompetansen er sterk, så ho har vore profesjonell styreleiar i fleire verksemder.
Kjersti har tung kompetanse på strategi, organisasjon- & leiarutvikling, i tillegg til prosjektleiing. Som forretningsutviklar kan ho hjelpa både nye og etablerte med sin gode struktur og allsidige bakgrunn. Ho er svært oppteken av folk, og jobbar mykje med å få utvikla kompetanse slik at ein kan lukkast endå betre.
Kjersti er frå Os, men har sterke gen frå Øystese.