
Sofie Torlei Olsen
sofie@hardangervoss.no | +47 975 37 358
Sofie har ein bachelor i internasjonal marknadsføring og ein master i sports management. Dei siste ti åra har ho jobba med marknadsføring, kommunikasjon, rådgjeving og prosjektleiing. Frå 2012 til 2017 var ho dagleg leiar for Ekstremsportveko, og innehar solid kompetanse som prosjektleiar og gjennomføring av komplekse arrangement.
Ho har både lokal og internasjonal erfaring, og har i fleire år jobba med store og små internasjonale og nasjonale idrettsarrangement både i det internasjonale skiforbundet, og i Norges idrettsforbund. Sofie har også erfaring med strategisk kommunikasjonsarbeid så vel som medierådgjeving og strategisk rådgjeving. I 2016, 2018 og 2022 har ho vore medierådgjevar for den norske troppen i Ungdoms-OL og OL. Ho er god på struktur, og brenn for å skape gode opplevingar for dei rundt ho.