Lastar Hendingar

Last Tuesday 28. januar

28. januar kl 14:00 - 16:00

Velkomen til årets fyrste Last Tuesday! Tema for dagen: Datatryggleik, Vossajazz og nytt salskurs

2 4

Program:

Velkomen v/ Hardanger og Voss Næringshage

Velkomen i dei nye lokala som skal husa både Rådgjevingsteamet, Visit Voss, Turistinformasjonen og Voss Sentrum.

 

Datatryggleik

Nettkriminalitet er i stadig vekst, og vert stadig smartare og meir målretta. Angrepa skjer oftare, nærmare enn me trur, og spreier seg raskt. Eit vellykka angrep treng ein viss grad av menneskeleg feil, så alt håp er ikkje ute. Du og dine tilsette er ei viktig forsvarsrekkje mot phishing, hacking, sosial manipulasjon etc.

Bård Fatland frå Voss Kommunikasjon gjev oss ei kort introduksjon til nokre av dei elementa dei fleste bedrifter har utfordringar med om dagen. I tillegg kjem han med konkrete eksempel på korleis ein kan avdekkja «falsk» e-post og lenkjer, og tips til enkle tryggingstiltak.

 

Vossajazz 2025

Roger Urhaug og Kristin Glück-Evensen frå Vossa Jazz kjem for å presentera både seg sjølve og programmet for Vossa Jazz 2025.

 

Nytt salskurs: Salesclass

I april vil Hardanger og Voss Næringshage tilby eit to-dagars salskurs i regi av Sals- og reklameforeningen i Bergen (SRF). På Last Tuesday gjev Mariell G Sæternes ei smakebit på kva du kan forvente deg på kurset.

Salesclass er eit program designa for å styrkja salskompetansen gjennom praktisk trening, innsikt og erfaringsdeling. Programmet tek for seg sentrale tema som forhandlingsteknikk, kjøps- og salsprosessar og tilpassing av salsteknikk til ulike målgrupper. Programmet inkluderar inspirerande samlingar, tilgong på dyktige kurshaldarar og praktiske verktøy.

 

Velkomen!

 

Praktisk informasjon:

Når: Tysdag 27. januar kl. 14.00 – 16.00

Kvar: Næringshagens nye lokale i Gondolbygget (gamle lokala til Turistinformasjonen)

Lett servering

Påmeldingsfrist 24. januar kl. 12.00

Påmelding

Stad

Gondolbygget
Evangervegen 3
Voss, 5704
+ Google-kart