
Kompetanseforum: Kommunikasjon
28. januar kl 9:00 - 10:00
På dette webinaret får du konkrete og praktiske verktøy for å bli høyrd – og for å skapa engasjement blant dei tilsette rundt verksemdas viktigaste utfordringar.

Korleis kan du kommunisera slik at du motiverer teamet ditt, skapar ekte lagånd og aukar gjennomføringsevna til verksemda?
Dette er eit webinar for deg som jobbar i team og vil ta relasjonane dine til eit nytt nivå. Lær korleis du kan gjera kommunikasjonen din meir effektiv, inspirerande og resultatretta.
Foredragshaldar Knut Ivar Karevold, organisasjonspsykolog med doktorgrad i åtferdsøkonomi, har lang erfaring innan leiar- og organisasjonsutvikling i alt frå små verksemder til store selskap. Han brenn for å hjelpa individ og team med å lukkast i komplekse endringsprosessar – og no kan du få lære av hans ekspertise.
Velkomen til fysisk samling!
Næringshagen inviterer til felles vising av webinaret på storskjerm, samt byr på enkel servering i fylgjande lokale:
- Husnes: Kvinnherad Næringsservice, Stabburshaugen
- Voss: Hardanger og Voss Næringshage i Gondolbygget
- Odda: Næringshagen i Ullensvang på Smelteverket
Etter webinaret legg me opp til diskusjon og refleksjon saman med våre dyktige rådgjevarar. Du kan òg velja å fylgje webinaret digitalt på eiga hand – valet er ditt!
Webinaret er gratis.
Påmeldingsfrist: 27. januar kl. 12.00.