
Bygg- anlegg og eigedomsforum + Last Tuesday: Korleis kan næringslivet påverka politiske planprosessar?
31. oktober 2023 kl 14:00 - 15:30
Denne gongen slår me saman Last Tuesday og Bygg- anlegg- og eigedomsforum. Bli med på ei matnyttig oppdatering frå Voss herad! Arrangementet er fullt.
Voss herad skal straks i gang med rullering av planstrategi og kommuneplan. Korleis kan du medverka og kva er rett tidspunkt for å involvera seg?
Korleis vil føringar lagt i Vossaklima 2030 kunna påverka framtidig arealplanlegging i Voss herad? Voss herad ønskjar å gje relevant informasjon til næringslivet om prosessane framover.
Vidare vil me få ein presentasjon av Voss Næringsråd, før me får ei oppdatering frå næringssjef på spennande prosekt, mellom anna Grønt hytteliv, Lys i gamle hus og tilflyttarprosjektet.
Tid: tysdag 31. Oktober 14.00 – 15.30
Stad: heradsstyresalen, Voss tinghus
Program:
14.00: Korleis kan du påverkja planane i Voss herad? v/ spesialrådgjevar Voss herad, Gunnhild Utkvitne,
14.30: Kaffi/enkel servering
14.50: Presentasjon av Voss Næringsråd v/ leiar Næringsrådet, Narve Gjeraldstveit
15.00: Oppdatering frå næring v/næringssjef Voss herad, Kaia Finne
15.30: Avslutning
NB! Då dette temaet er interessant for fleire næringar vil Bygg- anlegg og eigedomsforum og Last Tuesday slåast saman denne gongen.
Me sjåast på Tinghuset!
Arrangementet er fullt.