
Bioforum – første samling
1. november 2023 kl 19:00 - 21:00
Biogassanlegget på Voss er ein realitet, og BIR og Hardanger og Voss Næringshage opprettar nytt bransjeforum! Første samling vert 1. november, primært retta mot bønder og andre tilknytta biogassanlegget.
Velkomen til Bioforum
Biogassanlegget på Voss er ein realitet, og BIR og Hardanger og Voss Næringshage opprettar nytt bransjeforum!
I høve oppstart av bygginga av biogassanlegget på Voss og den komande bioparken ønskjer me å samla bionæringane på Voss. I første omgong vil forumet primært vera retta mot bønder som har, eller har ønskje om avtale med biogassanlegget, og bondelag og andre organisasjonar med tilknyting til biogassanlegget.
På første samling vil de få nyttig informasjon om status og vegen vidare.
Tid: onsdag 1. november 19.00 – 21.00
Stad: Park hotel
Program:
- Status etablering av biogassanlegget og bøndene si involvering v/ Øyvind Birkeland, BIR Voss Hardanger
- Informasjon om Næringshagen og bioforumet v/ Benedicte Watvedt Skaug, Hardanger og Voss Næringshage
- Voss herad si rolle v/ Kari Mostad, Voss herad
- Biorest og lagring, støtteordningar v/ Mari Aker, Norsk Landbruksrådgivning
Me vil og diskutera oppretting av eit formelt selskap for bøndene no som spaden settast i jorda for biogassanlegget.
Arrangementet er gratis.
Vel møtt!
For spørsmål, ta kontakt med
Benedicte Watvedt Skaug, Hardanger og Voss Næringshage
Telefon; 41 60 27 36
Epost; benedicte@hardangervoss.no