
Last Tuesday 28. mai
28. mai 2024 kl 13:30 - 16:00
Velkomen til Last Tuesday - fagleg og sosialt påfyll! Denne gongen møtast me hjå Kveik, og me får spennande innlegg; merkevarebygging og identitet og bank og berekraft, og sjølvsagt ein bedriftspresentasjon av Kveik. Me åpnar verandaen og nyt litt enkel servering i løpet av arrangementet. Vel møtt!

Velkomen til samling med Last Tuesday 28. mai! Fagleg påfyll og mingling
Program
- Bedriftspresentasjon v/ Kveik
- Merkevareidentitet og differensiering v/ André Bjørkhaug
- Bank, berekraft og næringseigedomar v/ Sparebanken Vest
Merkevareidentitet og differensiering
Fokus på merkevareidentitet og differensiering gjer det lettare for kundar å finna fram til, og ynskje å etablera relasjonar til og kjøpa produkt eller teneste, hjå akkurat di bedrift. André Bjørkhaug i Bjørkhaug Consulting gir eit innblikk i tema i sin presentasjon, med gode døme frå næringslivet.
Bank, berekraft og næringseigedomar
I samband med mellom anna EUs taksonomi og FNs berekraftsmål: Kva krav og vilkår kjem bankar til å stilla til verksemder som søkjer lån i framtida? Energieffektive bygg vert ansett som avgjerande for å nå miljøambisjonane då bygg er den største energiforbrukaren i EU og står for 40 % av energiforbruket og 36 % av CO2 utsleppa.
Sparebanken Vest vil saman med Estate Management gje konkret innsikt og råd om finansieringsmogelegheiter generelt og tiltak spesielt – med mellom anna fokus på omstilling innan eigedom, bygg og anlegg. Byggeigarar møter aukande press der bl.a krav om handlingsplanar, energieffektivisering og energimerking vert krevd av fleire for å kunne vere aktuell utleigar. Er ein førebudd?
Kom og få siste nytt og konkrete tips på korleis du kan vere med på denne omstillinga:
- Del 1: Finansiering i det grøne skiftet og praktiske tiltak
-
- v/ Sparebanken Vest: Linn Kristine Gjesdal og Reidun Skålheim Solberg
-
- Del 2: Omstilling av dagens næringsbygg for å imøtekomme morgondagens krav, tips på vegen og støtteordningar.
-
- v/ Estate Management: Roger Edvardsen
-
Om føredragshaldarane:
Linn Gjesdal, leiar for Berekraft i Sparebanken Vest.
Linn har brei erfaring frå rådgjeving, med spesiell kompetanse innan finans, strategi og berekraft. Ho leiar berekraftsarbeidet i Sparebanken Vest og har ansvar for strategisk implementering, berekraftsrapportering og å leggje til rette for gode insitament i berekraftig finans: både retta mot kapitalmarknaden og bankens privat- og bedriftskundar.
Reidun Skålheim Solberg, Ass Banksjef Bedriftsmarknad, Sparebanken Vest.
Reidun har lang erfaring frå privat næringsliv og bank med brei kompetanse innan bedriftsrådgjeving, ansvar for bl.a Vossaregionen på bedriftsmarknad og med i bransjeteam eigedom, bygg og anlegg.
Roger Edvardsen, Dagleg Leiar og Partner i Estate Management AS
Roger har lang erfaring med forvaltning, drift og utvikling av næringseigedom. Han har eit brennande engasjement for å gi eigarar og brukarar av eigedomar det beste beslutningsgrunnlaget for å realisere berekraftig drift og verdiskapande forvaltning.
Enkel servering av Kveik.