Fjord- og fjellfondet logo

- for innovasjon, vekst og omstilling i Hardanger og Voss

 

Om fondet

I samarbeid med Sparebanken Norge og stiftinga deira Agenda Vestlandet, innvilger Hardanger og Voss Næringshage inntil kr 600.000,- til ein eller fleire mottakarar. Med dette vil me nå ut til innovative verksemder og leiarar med spennande, nyskapande og berekraftige produkt, konsept og/eller forretningsmodellar - og med dét motivere endå fleire til å satsa.

For det spirer og gror av kreativitet og skaparvilje i regionen vår! Dette erfarer Næringshagen støtt og stadig, i kontakten vår med både gründerar og etablerte verksemder med vekstpotensiale.

Du finn søknadsskjemaet nederst på denne sida.

Kven kan søkja? Geografisk nedslagsfelt

Gründerar og etablerte verksemder med forretningsadresse i Voss, Kvam, Ullensvang, Eidfjord eller Ulvik.

Tildelingskriterier

Heilt generelt skal midlane tildelast næringslivsaktørar som har nyskapande idéar, prosjekt, aktivitetar eller gode omstillingstiltak.

Sentrale kriterium

fjorogfjellfondet3
fjorogfjellfondet1
fjorogfjellfondet2

Frist, jury og tildeling

Søknadsfristen er 31. desember 2025.

Sparebanken Norge utnemner kvart år ein jury for å vurdera verksemdene og prosjekta, og Hardanger og Voss Næringshage har ei rådgjevande rolla. Har du spørsmål, ta kontakt med Hardanger og Voss Næringshage ved seniorrådgjevar Nils Lavik.

SPN-main-logo
Agenda-Vestland-logo