
Hald deg oppdatert og bli med på berekraftshalvtimen!
19. august 2024 kl 8:00 - 31. desember 2024 kl 17:00
Webinar: fagleg påfyll innan tema berekraft kvar 3. onsdag frå 09.00 - 09.30.
Webinar- rekkja har som mål å auke kompetansen, interessen og engasjementet kring berekraft, og gje bedrifter verktøy slik at dei kan jobbe endå betre med berekraft. Alle SIVA-aktører og deira målbedrifter er velkomen til å delta.
Berekrafthalvtimen vert arrangert kvar 3. onsdag kl. 9 – 9:30 og er heilt gratis.
Programmet for hausten er:21/8 : Kva er egentlig berekraft? Og kvifor og horleis skal små bedrifter jobbe med det? 11/9 : Kva ser ein investor etter? 2/10 : Sosial berekraft 23/10: Berekraftige verdikjeder, ein gründers erfaringer 13/11: Korleis kommunisere berekraft? 4/12 : TBA Meir informasjon om berekrafthalvtimen finn du her: Berekrafthalvtimen. Vil du delta?Om du ønskjer å delta kan du registrere deg her. Du vil da få ein kalenderinvitasjon og møtelenke. Bruk gjerne møtelenken til å invitere inn dine kolleger og egne målbedrifter. |