
Last Tuesday 29. oktober
29. oktober 2024 kl 14:00 - 16:00
Velkomen til Last Tuesday - fagleg og sosialt påfyll! Dagens tema er framtidsretta organisering og leiing.
Program
(med atterhald om mindre endringar)
Velkomen til Last Tuesday og siste nytt frå Hardanger og Voss Næringshage
Presentasjon av leiarprogram – moderne leiing v/Kjersti Bjørke, Hardanger og Voss Næringshage
Hardanger og Voss Næringshage startar opp eit leiarprogram for bedrifter i regionen vår. Det vil bli seks fysiske samlingar på ulike stader i regionen, der me tek for oss store og små tema innan leiing. Kurshaldarar vil vera både våre eigne rådgjevarar, i tillegg til inviterte føredragshaldarar eller lokale verksemder. På Last Tuesday vil du få høyra meir om kva leiarprogrammet vil innehalde. Det er berre til å sjå fram til eit spanande og nyttig program for å styrke dine leiareigenskapar for framtida.
Framtidsretta organisering – kvifor og korleis? v/ Victor Jensen
Her får du konkrete verktøy for å omstrukturere verksemda di, slik at du kan sikre ei meir effektiv og lønsam drift. Føredraget gir leiarar og tilsette i både små og større verksemder nye perspektiv på korleis ein kan strukturera verksemda for å oppnå både vekst og lønsemd. Gjennom fagleg input og innovative idear vil deltakarane få innsikt i meir føremålstenlege måtar å organisere seg på.
Om Victor Jensen:
Victor Jensen er cand.polit, og tidlegare styreleiar i StyreAkademiet Norge. Jensen er styremedlem i StyreAkademiet Vestland samt deleigar, styreleiar og styremedlem i fleire selskap. Victor har også bakgrunn som leiaransvarleg, personalsjef og strategiansvarleg innan finans. Til dagleg arbeider han som rådgjevar innan eigarskap, styre og leiing, og er spesialist på fagområdet reorganisering og organisasjonsutvikling – både på landsbasis og internasjonalt.
Korleis kan flyktningane vera ein del av løysinga på rekrutteringsfloka? v/ Ann Kristin Mæland, NAV og Tor André Villmones, Scandic Voss
Kva er status og behov for arbeidskraft i vår region, og nyttar me potensialet fult ut? NAV ynskjer å fremja moglegheitane som ligg i inkludering i praksis. Saman med hotelldirektør på Scandic Voss, Tore André Villmones, ynskjer duoen å lyfte fram temaet inkluderande rekruttering. Her vil ein få høyra om kva Scandic gjer for å fasilitere eit mangfaldig arbeidskollegium, og kva verkemidler og tiltak dei tek i bruk.
Praktisk informasjon:
Stad: Turistinformasjonen, Gondolbygget
Tysdag 29. oktober kl. 14-16
Enkel servering