
Last Tuesday 25. mars
25. mars kl 8:00 - 10:00
Tema: Sosiale medier og kunstig intelligens Velkomen til Last Tuesday frukostmøte - fagleg og sosialt påfyll!
Nytrakta kaffi, ferskt bakst og nyttig innsikt! Tysdag 25. mars dykkar me ned i dei nyaste trendane innan sosiale medier og kunstig intelligens.
Program:
Sosiale medier og kunstig intelligens
Sosiale medier og kunstig intelligens er i stadig endring, og utviklinga opnar for nye moglegheiter og utfordringar, men korleis kan me utnytta dette best mogleg?
Benedicte Kragh og Åsmund Aarsand tek deg gjennom trendane innan sosiale medier og KI – slik at du kan bli endå betre på digital synlegheit og få konkrete tips du kan ta i bruk med ein gong!
Hardangerbonden: Verdiskaping i sosiale medier
På Sekse i Hardanger dyrkar ekteparet Bård og Ingrid eple. Dei er opptekne av personleg og ærleg kommunikasjon, og har bygd seg opp ein imponerande fylgjarskare på Instagram. På Last Tuesday vil Ingrid dela korleis ho brukar sosiale medier til å visa fram produkta sine, og korleis ho skapar verdi for bedrifta si ved å dela frå livet som siderprodusent og fruktdyrking.
Hugs å melda deg på innan 21.mars!
Vel møtt!