Lastar Hendingar

Kompetanseforum: Hacking og svindel

25. mars kl 9:00 - 10:00

Webinar om hacking og svindel: Kva kan kvar enkelt bedrift gjera?

bilde (3)

Dei aller fleste av oss jobbar på maskinar tilkopla internett. Dette gjer oss meir effektive, samstundes som det aukar sårbarheita for cyberåtak.

Maria Bartnes er forskingssjef ved SINTEF Digital og leiar ein avdeling innan systemutvikling og tryggleik. Ho har brei erfaring innan områda informasjonstryggleik og industriell cybertryggleik.

I webinaret vil Maria setje søkelys på kva små og mellomstore bedrifter kan gjera når det kjem til cybertryggleik, og korleis me kan rusta oss best mogleg. Cybertryggleik handlar ikkje berre om tekniske system, men om å verna oss sjølve, verdiane våre og samfunnet som heilskap i ein digital kvardag.

Webinaret vil vera spesielt nyttig for alle beslutningstakarar: styreleiarar, styremedlemmer, leiarar, IT- og/eller tryggleiksansvarlege, men også for andre tilsette som ynskjer å forstå korleis dei kan bidra til ein tryggare digital arbeidskvardag.

Velkomen til fysisk samling!
Næringshagen inviterer til felles vising av webinaret på storskjerm, samt byr på enkel servering i fylgjande lokale:

  • Husnes: Kvinnherad Næringsservice, Stabburshaugen
  • Voss: Hardanger og Voss Næringshage i Gondolbygget
  • Odda: Næringshagen i Ullensvang på Smelteverket

Etter webinaret legg me opp til diskusjon og refleksjon saman med våre dyktige rådgjevarar. Du kan òg velja å fylgje webinaret digitalt på eiga hand – valet er ditt!

Webinaret er gratis.

Påmeldingsfrist: 24. mars kl. 12.00

Stad

Digitalt eller fysisk