Lastar Hendingar

Kompetanseforum: Tilsetja, utvikla og handsama tilsette

29. april kl 9:00 - 10:00

Webinar om korleis ein kan bygga kompetanse, gje dei tilsette utviklingsmoglegheiter som gjer at dei vil bli verande og utvikla og forstå kva god leiing er.

bilde (3)

Mange verksemder har utfordringar med å få tak i tilstrekkeleg og rett kompetanse. Denne trenden er venta å forsterka seg endå meir i åra som kjem. Særleg små verksemder utan HR-avdeling har behov for konkrete verktøy for å handtera desse utfordringane.

Øyvind Husby er ein erfaren HR-leiar og arbeider i dag som HR-sjef i Trondheim kommune. I tillegg er han førelesar innan HR- og leiingsfag ved BI Trondheim og NTNU.

Han vil dela innsikt og praktiske råd om korleis di verksemd kan:

  • Bygga kompetanse
  • Gje tilsette utviklingsmoglegheiter som gjer at dei vil bli verande
  • Utvikla og forstå kva god leiing er

Webinaret er spesielt relevant for deg som har leiaransvar og ynskjer å styrkja verksemda si HR-strategi, men også tilsette kan spela ei viktig rolle i å skape ein arbeidsplass der folk trivst og utviklar seg.

Lær korleis de saman kan bygge ein arbeidsplass der folk trivst – og blir verande!

Velkomen til fysisk samling!
Næringshagen inviterer til felles vising av webinaret på storskjerm, samt byr på enkel servering i fylgjande lokale:

  • Husnes: Kvinnherad Næringsservice, Stabburshaugen
  • Voss: Hardanger og Voss Næringshage i Gondolbygget
  • Odda: Næringshagen i Ullensvang på Smelteverket

Etter webinaret legg me opp til diskusjon og refleksjon saman med våre dyktige rådgjevarar. Du kan òg velja å fylgje webinaret digitalt på eiga hand – valet er ditt!

Webinaret er gratis.

Påmeldingsfrist: 28. april kl. 12.00

Stad

Digitalt eller fysisk