Lastar Hendingar

WhyVoss

26. juni 2025 kl 15:00 - 17:00

WhyVoss – ein rekrutteringsarena for heile regionen!

f50c8009-9793-c1f6-904a-1a585a413284

Treng du arbeidskraft?
No har du sjansen til å rekruttera dei beste – midt i hjarta av regionen vår!

WhyVoss er eit rekrutteringsarrangement under Ekstremsportveko der du som arbeidsgjevar får høve til å treffa studentar, unge arbeidstakarar eller kanskje ein inspirerande gründer?

Når: Torsdag 26. juni kl. 15.00 – 17.00

Kvar: Festivalarenaen, Ekstremsportveko

Kvifor delta?

  • Møt folk frå heile landet – og verda!
  •  Mange kjem for Veko, men blir verande for livet
  •  Veko legg til rette for møte mellom næringsliv og jobbsøkarar
  •  Perfekt arena for å visa fram arbeidsplassar i Voss, Hardanger og Sogn

Det er GRATIS å melda seg på!

  •  Tillegg for bord og benk
  •  Tillegg for straum

Kven kan vera med?

  • Bedrifter og offentlege aktørar frå heile regionen
  • Bransjevis deltaking mogleg – t.d. reiseliv, bygg og anlegg, helse m.m.
  • Kan du ikkje stilla sjølv? Bli med i ein fellesstand!
  • Voss Herad og Voss Sjukehus har allereie meldt seg på.

🎉 Bli med vidare på Last Thursday – eit møtepunkt for deg som vil bidra til å styrka nettverket på tvers av bransje og få fagleg påfyll!

WhyVoss er eit samarbeid mellom Ekstremsportveko, NAV, Voss Herad og Hardanger og Voss Næringshage

Påmelding

Stad

  • Festivaltelt Ekstremsportveko
  • Prestegardsalleen 140
    Voss, 5700 Norway
    + Google-kart