Lastar Hendingar

HO-skapar

26. juni kl 15:00 - 17:00

Velkomen til HO – eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region!

HO Skapar

Bli med på oppstarten av HO – eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region!

Velkomen til fyrste samling, i samarbeid med Sparebanken Norge: HO – Skapar
🗓 Dato: 26.juni
🕖 Tid: 15-17
📍 Stad: Ekstremsportveko Lounge, 20års aldersgrense

HO er eit nytt initiativ frå Hardanger og Voss Næringshage – eit nettverk for kvinner som vil bygge relasjonar, dele erfaringar og bli inspirert. Kvar samling får sitt eige tema, og denne fyrste ettermiddagen set me søkelyset på kvinneleg gründerskap og skaparkraft.

Du får høyra inspirerande historier frå kvinner som har skapt noko sjølv – i lag med andre kvinner. Me legg også til rette for samtale og refleksjon rundt kva det vil seia å vera kvinneleg skapar i dag, og kva me kan læra av kvarandre.

 

💬 Helene Frihammer frå NHO Vestland – om verdiskaping, kvinner i næringslivet og kvifor nettverk som HO trengst.

💡 Mari Aamo Pedersen frå Sparebanken Norge held innlegget “Læring skjer når du tør å slippe taket” – om å seia ja før du føler deg heilt klar, og korleis kvinner kan skape rom for vekst i mannsdominerte bransjar som finans.🏆 Utdeling av Heradets bedriftspris – ei hyllest til lokale førebilete.
🔥 To inspirerande gründerhistorier:
Irene Stana, administrerande direktør i Floke – eit byrå som jobbar med strategi og design for berekraftig omstilling.
Therese Østervold Storebø, destillatør, produktutveklar og merkevareambassadør for Feddie Ocean Distillery, kvinnelege investorar – i ei verd der økonomisk makt framleis er svært skjevt fordelt.

 

🎉 Dette vert ein ettermiddag for påfyll, perspektiv og personlege møte, og ei oppvarming til Last Thursday kl 17!

(Hugs å kjøpa eigen billett til Last Thursday HER)

 

👉 Det er framleis nokre få ledige plassar til HO-skapar. Arrangementet er gratis, men krev påmelding. Ting di plass før 25.juni kl 23!

Me gler oss til å sjå deg!

 

 

📌 Kva er HO?

HO er eit nytt nettverk for kvinner på tvers av bransje, alder og region, og som vil bygga relasjonar, dela erfaringar og bli inspirert.

Hensikta er å skapa ein arena for innovasjon og samarbeid – i ei uformell og trygg ramme.

Kvart arrangement får eit eige tema som vert spegla i namnet. Me samlast fleire gonger i året for å utforska aktuelle tema gjennom føredrag, diskusjonar og workshops, og ikkje minst – gode samtalar og sosialt fellesskap.

HO er for deg som vil bli inspirert, utvikla deg, dela kunnskap – saman med andre kvinner.

Påmelding

Stad

Festivaltelt Ekstremsportveko
Prestegardsalleen 140
Voss, 5700 Norway
+ Google-kart