Lastar Hendingar

Kompetanseforum: Praktisk styrearbeid

26. august kl 9:00 - 10:00

Webinar om kva det inneber å ta på seg styreansvar, og korleis bruka styret som ein ressurs.

bilde (3)

Webinar om styreansvar og styret som ressurs

Kva inneber det eigentleg å ta på seg styreansvar, og korleis kan ein nytta styret som ein ressurs?

I dette webinaret går Frode Blakstad, partnar i INAQ AS, gjennom kva styrerolla inneber i praksis, ansvaret styret har, og korleis styret kan bidra aktivt til utvikling og vekst i små og mellomstore verksemder.


Tema som vert tekne opp

 

  • Korleis kontrollerer styret verksemda si drift?
  • Korleis kan styret vera ei støtte for leiinga?
  • Korleis kan styret bidra i utforminga av strategiar og planar for vekst og vidare utvikling?

Målet med webinaret er å gje innsikt i korleis rett kompetanse i styret og godt styrearbeid kan styrka lønnsemda og veksten i verksemda. Webinaret passar for styreleiarar, styremedlem, daglege leiarar og alle som vurderer å ta på seg eit styreverv.


Velkomen til fysisk samling!

 

Hardanger og Voss Næringshage, Næringshagen i Ullensvang og Kvinnherad Næringsservice inviterer til felles vising av webinaret på storskjerm, med enkel servering i desse lokala:

  • Voss: Hardanger og Voss Næringshage i Gondolbygget
  • Odda: Næringshagen i Ullensvang på Smelteverket
  • Husnes: Kvinnherad Næringsservice

Etter webinaret vert det høve til diskusjon og refleksjon saman med våre dyktige rådgjevarar. Du kan òg velja å følgje webinaret digitalt – valet er ditt!

Lenkje til webinaret for dei som vil følgje digitalt og ikkje fysisk i Odda, Husnes eller Voss, vert sendt til dei påmelde dagen før.

Webinaret er gratis.

Det vert enkel servering på fysisk oppmøte.

Påmeldingsfrist: 25. august kl. 12.00

 

Påmelding

Stad

Digitalt eller fysisk