Lastar Hendingar

HMS-kurs for leiarar

30. september kl 8:00 - 15:00

Alle leiarar har plikt til å ha naudsynt HMS-kompetanse, og på dette kurset får du det! Kurset gir deg ei praktisk og forståeleg innføring i regelverket, arbeidsgivar sitt ansvar, arbeidstakar si medverknad og korleis du gjennomfører systematisk HMS-arbeid i praksis. Målet er å gjere deg trygg i rolla og bidra til eit sikkert og godt arbeidsmiljø.

HMS-KURS for leiarar
Som leiar har du eit lovpålagt ansvar for å sikre eit fullt forsvarleg arbeidsmiljø. Arbeidsmiljølova krev at alle arbeidsgivarar og leiarar med personalansvar skal ha nødvendig opplæring i helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid (HMS). Dette kurset gir deg kunnskapen og verktøya du treng for å oppfylle desse pliktene – og for å skape ein trygg og god arbeidsplass for dine tilsette.

Kurset har ein ordinær pris på 3 500,-, men takka vere støtte frå Siva kan vi no tilby det til verksemder i Ullensvang til ein kraftig redusert pris – ei unik moglegheit du ikkje vil gå glipp av!

Kvifor ta kurset? 

Manglande HMS-kompetanse kan føre til brot på lovverket, auka risiko for ulykker og sjukefråvær, og i verste fall ansvar for alvorlege hendingar. Med rett opplæring kan du førebygge problem, styrke arbeidsmiljøet og bygge ein kultur for tryggleik og trivsel. 

Kursinnhald 
Kurset er lettfatteleg, praktisk retta og basert på dagsaktuelle eksempel. Vi gir deg tryggleik i korleis du kan gjennomføre HMS-arbeidet i din verksemd, med fokus på:
  • Arbeidsmiljølova og relevante forskrifter 

  • Arbeidsgivar sine plikter 

  • Arbeidstakar sin rett og plikt til medverknad 

  • Verneombodet og AMU si rolle 

  • Bedriftshelsetenesta si funksjon 

  • Inkluderande arbeidsliv (IA) 

  • Systematisk HMS-arbeid 

  • Arbeidsmiljøfaktorar og relasjonar 

  • Rolleavklaringar og handtering av rollekonfliktar 

Dette kurset gir deg både innsikt i regelverket og praktiske metodar for å gjennomføre HMS-arbeidet på ein effektiv måte.
Det blir servert enkel lunsj under kurset. Gi oss gjerne beskjed ved påmelding dersom du har allergiar eller særskilde behov.

Om kursleverandøren

Karine Einang og Paul F. Henriksen i Einang Safety Consult AS har over 40 års samla erfaring frå brann- og redningsvesen, politi, Forsvaret og industri. Dei tilbyr skreddarsydd rådgjeving og opplæring innan HMS, leiing, beredskap og tryggleik – til både private og offentlege verksemder.

Kursbevis

Alle deltakarar får kursbevis etter gjennomført kurs. Beviset dokumenterer deltaking og kan nyttast som stadfesting overfor arbeidsgivar eller i vidare kompetanseutvikling.

NB! Kurset er ikke tilstrekkelig for deg som er verneombud eller medlem av arbeidsmiljøutvalget (AMU).

Har du spørsmål knyttet til kurset? Ta kontakt

 

Kurset er eit samarbeid mellom fleire organisasjoner:

ree
 
Stad: Smelteverket 57, 5750 Odda (Næringshagen i Ullensvang sine lokaler 1.etg)

Påmelding

Stad

Næringshagen i Ullensvang
Smelteverket 57
Odda, 5750 Norway
+ Google-kart