
Last Tuesday 30.september
30. september kl 14:00 - 16:00
Nye lokale konsepter og bedriftspresentasjonar!
Last Tuesday – Nettverking og bedriftspresentasjonar
Dato: Tysdag 30. september
Tid: 14:00 – 16:00
Stad: Hardanger og Voss Næringshage, Gondolbygget
Me kickstartar hausten med årets første Last Tuesday – eit uformelt treffpunkt for bedrifter, gründerar og næringslivsinteresserte i regionen. Dette er ein perfekt moglegheit til å bygga nettverk, bli inspirert og oppdaga kva som rører seg i lokalt næringsliv.
Denne gongen får du høyra korte og engasjerande presentasjonar frå:
🌱 Matauk – lokal mat og berekraftige smakar
🧰 Norhand – leverandør med fokus på kvalitet
🏔️ Hotel Finse 1222 – ein ikonisk destinasjon på Hardangervidda
🍴 Eyye – restaurant med fokus på smaksopplevingar og gode møteplassar
Etter presentasjonane vert det mingling og lett servering, der Eyye byr på noko godt å smaka på.
👉 Meld deg på innan måndag 29. september kl. 12.00.