Lastar Hendingar

Bygg, anlegg og eigedomsforum Voss 9. april

9. april kl 15:00 - 18:00

Velkomen til årets første Bygg, anlegg og eigedom på Voss 9. april. Me er inne i eit spennande år med revisjon av Voss herad sin samfunns- og arealdel. Dagens hovudtema er difor tett knytt til dette: Arealplanar - Korleis skape ein føreseieleg og effektiv planprosess, der Norconsult vil kome med utfordringar og nokre døme.

bygg-1024x1024-panorama-dcccb178172808666cc9fd68b718015d-u3idoxz09r75 (2)

Velkomen til årets første Bygg, anlegg og eigedom på Voss torsdag 9. april

Me møtast på Voss brannstasjon på Tvildemoen for omvisning før me går til Norconsult for middag og fagleg program.

Me er inne i eit spennande år med revisjon av Voss herad sin samfunns- og arealdel. Dagens hovudtema er difor tett knytt til dette: Arealplanar – Korleis skape ein føreseieleg og effektiv planprosess, der Norconsult vil kome med utfordringar og nokre døme.

Program
Med atterhald om mindre endringar

  • Omvisning ny brannstasjon v/ Reidar Gilbakken, Voss herad
  • Tapasmiddag frå Eyye’s
  • Arealplanar – Korleis skape ein føreseieleg og effektiv planprosess v/ Vidar Østerbø, seniorrådgjevar arealplan Norconsult
  • Ombruksnettverket ønskjer brukte tremateriale – kort info frå ombruksnettverket Attbruk

Tid: torsdag 9. desember 15.00 – 18:00

Stad: Oppmøte Voss brannstasjon

Pris medlem: 700,-

Pris ikkje-medlem: 1400,-

Billett inkluderer velkomstdrink, middag og fagleg program

Arrangementet er ope for alle i bransjen.

Nysgjerrig på om Bygg, anlegg og eigedomsforum er noko for deg og di bedrift?
Dette forumet vart starta i 2021, og sidan den gong har me i Hardanger og Voss Næringshage samla større og mindre aktørar i bygg, anlegg og eigedomsbransjen. Det er behov for ein felles møteplass for næringa med fokus på fagleg innhald, men like mykje for at næringa kan verte betre kjend med kvarandre og få eit større nettverk. Difor legg me opp til god tid til mingling på kvar samling. Forumet møtast tre til fire gonger i året, med ei samling der me køyrer heilaften. Meld deg på eit av våre arrangement, og sjå om denne møteplassen er noko for deg! Me oppfordrar og transportnæringa som jobbar tett med bygg- og anlegg til å delta!

Forumet er per i dag både for medlemer og ikkje-medlemer av Næringshagen. Ta kontakt med arrangement@hardangervoss.no for å motta invitasjon i framtida!