
Last Tuesday 28.oktober
28. oktober kl 14:00 - 16:00
Voss herad er i gang med å utarbeida ein ny kommuneplan, og på Last Tuesday tysdag 28. oktober får du presentert skissa til ny samfunnsdel. Her er du invitert til å høyra meir om korleis kommunen ser for seg utviklinga av bygda vår dei neste åra – og ikkje minst korleis du kan vera med og påverka retninga.
Formannskapet handsamar utkastet til kommuneplanen sin samfunnsdel (2026–2038) i møte 16. oktober. Vert utkastet vedteke der, går planen vidare til offentleg høyring og ettersyn.
På Last Tuesday får du:
- Ein presentasjon av hovudlinjene i den nye samfunnsdelen
- Innsikt i kommunen sine tankar om langsiktig samfunns- og arealutvikling
- Informasjon om korleis og når du kan senda inn dine eigne innspel
- Ein introduksjon til vidare arbeid med arealdelen
Frå Voss herad kjem:
- Gunnhild Utkvitne, prosjektleiar for revisjon av samfunnsdelen
- Kjersti Næss Finne, prosjektleiar for revisjon av arealdelen
Kom og bli inspirert, engasjert og høyr korleis du kan bidra til utviklinga av framtidas Voss herad.
Påmeldingsfrist: 24. oktober kl. 12:00
Pris medlem: 0kr/Pris ikkje-medlem: 350kr
Tid: 14:00 – 16:00
Stad: Evangervegen 3, 5704 Voss
Det er avgrensa med plassar, så meld deg på i god tid!
Les meir om revisjonen av kommuneplanen på Voss herad si heimeside.