
Makroseminar 2025
20. november kl 16:30 - 21:30
Hardanger og Voss Næringshage - i samarbeid med Vekselbanken - inviterar til det årlege makroseminaret torsdag 20. november!
Hardanger og Voss Næringshage og Vekselbanken ønskjer velkomen til Makroseminaret 2025!
Makroseminaret har vorte ein solid tradisjon og er no inne i sitt tolvte år – ein kveld der fag, framtid og fellesskap møtest. Også i år inviterer me til innsikt, refleksjon og gode samtalar om utviklinga i norsk økonomi og samfunn.
Foredragshaldarar 2025:
Jan Ludvig Andreassen – sjefsøkonom i Eika Gruppen
«Den gode samtalen om framtida til norsk økonomi og samfunnsutvikling.»
Andreassen har hovudansvar for overvaking av makroøkonomi i inn- og utland, og har bakgrunn frå mellom anna DNB, Alfred Berg og Norges Bank. Dette vert det tolvte året han vitjar Makroseminaret – og som alltid lover han både skarpe analysar og eit skråblikk på tida me lever i.
Mariann Groth – konserndirektør Bankpartner i Eika Gruppen
«Korleis ser arbeidet med eit statsbudsjett ut frå innsida av Finansdepartementet, og kva er det som held ein finansminister vaken om natta?»
Groth har tidlegare vore statssekretær både på Statsministerens kontor og i Finansdepartementet, og har vore tett på prosessane bak fire statsbudsjett. Ho gjev oss eit sjeldan innblikk i kva som skjer bak lukka dører – og kva for dilemma dagens finansminister må handtera.
Program for kvelden:
16.30 – Mingling og varme kanelboller
17.00 – Foredrag
19.00 – To-retters middag
22.00 – Siste gondol ned
Makroseminaret er eit ettertrakta arrangement som har vore fullteikna år etter år med venteliste – så her gjeld det å vera tidleg ute! Påmeldingsfrist 13.november.
Vel møtt til ein kveld med fagleg påfyll, gode samtalar, innsikt og utsyn mot framtid!
Har du spørsmål, eller ønskjer du å betala på faktura utan gebyr kan du senda e-post til: lilly@hardangervoss.no
(Om du vel fakturaløysing via påmeldingslinken kjem det eit gebyr på 100kr per bestilling)