Lastar Hendingar

Last Thursday Sumarfest!

25. juni kl 15:30 - 22:00

Årets sumarfest i Veko-teltet! Ekstremsportveko og Hardanger og Voss Næringshage inviterar til ein herleg sumarfest for deg og alle dine tilsette.

LAST THURSDAY 2026 (2)

Tradisjonen tru inviterer Ekstremsportveko og Hardanger og Voss Næringshage til årets store sumartreff for næringslivet. Dette er dagen der fagleg påfyll, gode historier, kortreist mat og ekte Veko-stemning møtest i eitt og same program.

 

Billettsalet er godt i gang; samla troppane til neste fellesmøte for bestilling, eller bestill billettane dine med ein gong!

 

Dato: 25. juni

Tid: Dørene opnar 15:30. Program frå 16:00

Lokasjon: Ekstremsportveko Lounge 20+

 

 

Høgdepunkt du ikkje vil gå glipp av:

 

  •  Odd-Bjørn Hjelmeset: kjem som årets konferansier for å lose oss gjennom kvelden – frå idrett og motivasjon til historier som inspirerer. Med fem VM-gull, to OL-medaljar, Holmenkollmedaljen og Egebergs Ærespris er Odd-Bjørn ein av dei mest meritterte langrennsløparane frå Vestlandet.
  • Eirik Hansen: “Med strømmen – Mot tvilen” Eirik er ein av Noregs fremste elvepadlarar og eventyrarar. Han har utforska dei mest krevjande elvene i verda og vil dele erfaringar om mot, risikovurdering og samarbeid under usikre forhold. Eirik er ein sentral figur i miljøet rundt Ekstremsportveko på Voss.
  • Kaj Myklatun: Gründer av Pota Madre, Kaj har omdanna ei vanleg råvare til ein suksessfull bedrift. Med kreativitet og pågangsmot har han skapt noko unikt som harfanga merksemda til folk langt utanfor Hardanger og Voss.
  • Ordførar på Lillehammer, Hans Olav Sundfør, kjem for å fortelje om ringverknadene byen har opplevd etter OL og framtidige planar for eit OL i Noreg. Vidare tar Vossaordførar Tonje Ljones Såkvitne og Nils Akselberg frå Idrettens Olympiade oss med inn i draumane om ei bit av OL også til Bergen og Voss.
  • Voss herad deler ut Årets Bedriftspris – ei viktig anerkjenning av lokalt næringsliv.
  • Det vert grillbuffet, sommarstemning og god tid til å møta folk på tvers av bransjar.

  • Utover kvelden held stemninga fram i teltet med dagens video, OnkelP og Death by Unga Bunga.

 

Dette er eit perfekt opplegg for deg som vil samla kollegaer, samarbeidspartnarar eller vener til ein sosial og inspirerande sumarfest midt i Veko-stemninga. Me har lagt inn bestilling på sol og varme, og gleder oss til å sjå deg!

 

Ynskjer du å bestilla på faktura, send e-post til lilly@hardangervoss.no

Påmelding

Stad

  • Loungeteltet Ekstremsportveko
  • Prestegardsalleen 140
    Voss, 5700 Norway
    + Google-kart