
Vossadagane 2026
25. mars kl 8:00 - 26. mars kl 12:30
Velkomen til Vossadagane – der me løftar blikket og ser det store biletet, samstundes som me trekkjer linjene frå det globale og nasjonale til Vestlandet og Voss. Her møter du idéar, perspektiv og samtalar som set spor, og som utfordrar deg til å tenkja nytt.
I løpet av dagane får du eit innblikk i aktuelle tema som formar samfunnet vårt – frå leiarskap og klima, til teknologi, politikk, reiseliv og lokalsamfunn. Me stiller dei vanskelege spørsmåla, skapar rom for refleksjon og inspirerer til handling.
Hovudmålet med Vossadagane er klart:
Du skal reisa heim meir opplyst og motivert til å gjera ein forskjell.
Enten du kjem som enkeltmenneske, representant for ei bedrift, ein organisasjon, eit politisk parti eller det offentlege – her får du input, møte og perspektiv som styrkar deg i rolla di.
Programmet
Programmet er fyldig og variert, med noko for alle som er nysgjerrige på framtida:
-
Engasjerande foredrag frå sentrale røyster
-
Innsikt og debattar om dagsaktuelle tema
-
Inspirasjon til betre leiarskap og samfunnsansvar
-
Nettverksbygging og møtestadar for idear
Utforsk heile programmet her: https://vossadagane.no/program/
Me gler oss til å skapa viktige samtalar, dele kunnskap og løfta kvarandre. Tida me står i krev ein innsats frå oss alle – og Vossadagane er møtestaden der det byrjar.