
Næringslunsj Eidfjord
9. april kl 12:00 - 15:00
Hardanger og Voss Næringshage inviterer til Næringslunsj!
Hardanger og Voss Næringshage inviterer til Næringslunsj i Eidfjord, 9. april 2026 kl 12.00 – 15.00 på Studiesenteret, Lægreidvegen 2, 2. høgda i Eidfjord.
Me startar samlinga med ein god lunsj frå Vik Bakeri.
- Nytt frå næringshagen: Nye tilsette, Styrekandidat Hardanger Voss ++
- Pota Madre – for eit poteteventyr! Eit intervju med gründer Kaj Hereid Myklatun
- Kommunen informerer: Strategisk næringsplan – Besøksforvalting – Vilkårsparkering (parkeringsforskrift) – Kjerøyna – Cruisekai mm.
- HVK Studiesenter: Silje presenterer satsinga på lokal, høgare utdanning i vår region. Barnehagestudiet, Digitale emne ved UiB, mm.
- Dette jobbar vi med i Eidfjord næringslag v/styremedlem Jonas Kimerud
- Norseman Xtreme Triathlon v/Anne Kommedal
Gratis for medlemmar i næringshagen og kr. 150,- for ikkje medlemmar
Påmelding for både medlemmar og andre innan 7. april kl. 12.00