Lastar Hendingar

Sommaravspark

6. mai kl 18:00 - 21:00

Er du nysgjerrig på Skrot si nye satsing - Matr? Eller har du høyrt at svenske Kompani Svan skal spela inn på Voss? Då bør du bli med på sommaravspark for handel og reiseliv, her vert det spennande nyhende frå ulike aktørar i bransjen og info om besøkstrategien til Voss herad og korleis me kan vera med å påverka.

Sommaravspark for handel og reiseliv, på Voss

Me gler oss til vårt årlege sommaravspark!

Dato og tidspunkt: 6. mai kl 18-21.
Stad: Café Stationen, Park Hotell Vossevangen

Påmelding og billettar her

Det vert enkel servering og baren er opé (men det kan vera lurt å eta middag heime).

Program:
Det vert som alltid nyhende frå nye og gamle medlemmar og me får blant anna høyre kva Skrot planlegg med si nye satsing Matr og dei nye leiarane ved Park Hotell Vossevangen og Elva Hotell kjem for å introdusera seg.

Kaia Finne, Voss herad, kjem for å prentera besøkstrategien, som vert lagt ut på høyring 29.04, og fortel korleis næringa kan komma med innspel.

HVK Studiesenter (Hardanger, Voss, Kvinnherad) fortel om alle moglegheitene som ligg i desentralisert utdanning og kva emne dei tilbyr, som også er relevant for handel og reiseliv.

Kompani Svan (Sveriges Kompani Lauritzen) vert med for å fortelje om innspelingsplanane som skal skje på Voss.

 

Om du ynskjer faktura sende ein epost til lilly@hardangervoss.no