Lastar Hendingar

Sirkulærøkonomi i landbruk- og småskala reiseliv

13. mai kl 12:00 - 15:00

Vestland sit på unike ressursar – frå frukt og jord til mat og opplevingar. Men korleis kan me skapa endå meir verdi lokalt?

SIRKULÆRØKONOMI

13. mai mai inviterer me til ei inspirerande samling i Skummesalen i Mathuset i Øystese, der bønder, lokalmatprodusentar, reiseliv og forsking møtest for å finna nye løysingar saman.

Du får konkrete døme på korleis sirkulærøkonomi, foredling og samarbeid kan gi nye inntekter, og dagen kombinerer faglege innlegg, erfaringar frå næringslivet og ein praktisk workshop.

Dagens program:

  • 12.00 Velkomen og lunsj

  • 12.55 Korleis kan forsking bidra for di bedrift?

  • 13.10 Konkrete utfordringar: kva trengst for å lukkast med sirkulærøkonomi?

  • 13.30 Erfaringar og utfordringar frå næringslivet

  • 14.00 Fruktpause

  • 14.15 Workshop: Frå utfordring til moglegheit

  • 14.40 Oppsummering og vegen vidare

  • 15.00 Bedriftsbesøk – Hardanger Bygdeysteri eller Hardanger Bryggeri (valfritt)

Me ser òg på korleis forsking og støtteordningar kan bidra direkte i di verksemd, og du får høve til å dela eigne utfordringar og utvikla nye idear i lag med andre aktørar i Vestland.

Bli med – og ver med å forma framtida for lokal verdiskaping i Vestland!

Påmelding

Stad