Nettverk og kompetanse

Hardanger og Voss Næringshage skapar tilgang til eit sterkt nettverk, relevante kontaktar og ein møteplass der nye moglegheiter oppstår.

Hardanger og Voss Næringshage skapar tilgang til eit sterkt nettverk, relevante kontaktar og ein møteplass der nye moglegheiter oppstår. Vi fungerer som eit knutepunkt mellom bedrifter, gründarar, FoU-miljø, kapitalmiljø og offentlege verkemiddel. Gjennom Næringshageprogrammet og Siva si nasjonale struktur opnar vi dører til kompetanse, ressursar og samarbeid som kan vere avgjerande for vekst og utvikling.

For mange bedrifter handlar vekst om å møte rett person til rett tid.

Difor jobbar vi aktivt med strategiske koplingar, mellom næringsliv og fagmiljø, mellom idé og kapital, mellom utfordring og løysing. Vi er ei koplingsboks i fleire dimensjonar. Når bedrifter lukkast, skaper det ringverknader for heile regionen. Fleire arbeidsplassar, sterkare lokalt næringsliv, auka attraktivitet, høgare skatteinngang og meir aktivitet i lokalsamfunna våre.

Hardanger og Voss Næringshage er staden der relasjonar blir til samarbeid, og samarbeid blir til vekst.

Nettverksaktivitetar

Gjennom året arrangerer vi medlemsmøte, bransjetreff, kurs og fagsamlingar innan tema som styrearbeid, leiing, kommunikasjon, reiseliv, innovasjon og forretningsutvikling. Arenaene våre er skapte for å gi meir enn inspirasjon – dei skal skape verdi, samarbeid og konkrete resultat.

Utdanning der du bur

HVK Studiesenter gjer utdanning tilgjengeleg for alle i regionen - uavhengig av bustad, livssituasjon eller økonomi. Dette tilgjengelegjer utdannning i Hardangre, Voss og Kvinnherad. Studentstovene er eit tilbod for studentar som bur permanent i regionen (link til studenstovene), er på besøk, eller som er heime i kortare eller lengre periodar. Her kan du fylgje digital undervisning, lesa og samarbeida med andre. Det er den naturlege samlingsstaden for studentar i alle aldre.

siva-hovedmerke-sort-l

Stolt SIVA partnar

Vi er ein del av eit nasjonalt innovasjonsnettverk gjennom SIVAs Næringshageprogram. Programmet er eit distriktspolitisk verkemiddel eigd av fylkeskommunane og Kommunal- og distriktsdepartementet, med mål om å styrkje verdiskapinga i heile landet. Gjennom denne tilknytinga får vi tilgang til regionale, nasjonale og internasjonale miljø og verkemiddel som kjem bedrifter og initiativtakarar i vår region til gode.

Som éin av 40 næringshagar i Noreg mottek vi offentlege midlar for å hjelpe gründerar og næringsliv med å utvikle og realisere sine forretningsidear. Vi er del av eit omfattande kompetansenettverk av bedrifter og institusjonar, og samarbeidet med SIVA, Vestland fylkeskommune og kommunane bidreg til næringsutvikling i regionen.
For Hardanger og Voss betyr dette at små og mellomstore bedrifter får tilgang til relevant stønad, rettleiing og moglegheiter for vekst.

Som del av Næringshageprogrammet får bedrifter òg tilgang til rådgiving til sterkt redusert kostnad, der staten kan dekkje inntil 75 prosent av kostnadene. Det gir små og mellomstore verksemder tilgang til kompetanse som elles kunne vore utilgjengeleg eller for kostbar.

Styrkekandidat databasen

Målet med styrekandidatbasen er å få fram kandidatar som skal bidra til å profesjonalisere styrearbeidet i verksemdene i regionen. Dette vil betre mangfald blant eksterne styremedlemmer, auke kvinneandelen, få inn fleire yngre kandidatar, samt personar med internasjonal erfaring i styra.

ledelse

Her er dei viktigaste nettverka næringshagen gjev deg tilgang til

Hardanger og Voss Næringshage er ei inngangsport til eit sterkt fagleg og kommersielt økosystem som hjelper små og mellomstore bedrifter med å vekse, utvikle seg og lukkast. Gjennom oss får du tilgang til relasjonar, kompetanse og moglegheiter som elles kan vere krevjande å nå på eiga hand.

Regionale og nasjonale nettverk

Akademia og FoU-miljø

Investorar og finansiering

Siva-nettverket

Bedriftsnettverk og samarbeid

Offentlege verkemiddel

Meir enn "berre eit nettverk"

Når du er del av Hardanger og Voss Næringshage, får du ikkje berre fleire kontaktar, du får tilgang til eit system som skaper fart, retning og moglegheiter for verksemda di.