
HO-styrer
25. juni kl 13:00 - 15:30
Velkomen til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.
Me har gleda av å invitera til ei ny samling i HO – nettverket for kvinner som vil utvikla seg, dela og skapa saman.
Denne gongen rettar me blikket mot styrerommet, og me ynskjer å inspirera fleire kvinner til å vurdere styreverv. For anledninga har me henta inn 3 sterke kvinner som gjennom fagleg påfyll og deling av erfaringar skal gje oss eit innblikk i kva som blir forventa av deg i styrerommet og kva som er eit godt fungerande styre!
Nina Stokke Tronsrud – Director i Aider virksomhetsstyring og styrearbeid
Korleis få eit styre til å fungere som eit aktivt, verdiskapande organ i verksemda.
- Styresammensetningen i det verdiskapande styret
- Styrets overordnede ansvar, oppgåver og plikter
- Kjenneteikn ved godt verdiskapande styrearbeid
- Rollen som styremedlem – kva ein faktisk kan bidra med

Mona Hellsenes, nærings- og reiselivssjef Ulvik
Erfaringar frå styrearbeid
Eit styreverv set ulike krav til styremedlemmar og styreleiar. Kva rolle skal ein ha når ein tar på seg eit styreverv, og kva kompetanse kan ein bidra med?
Korleis rekruttere eit godt styre til eigen bedrift
Tankar og refleksjonar basert på ulike erfaringar frå store organisasjonar som Helsevest og Sykkel-VM, til små oppstartsbedrifter.
Anna Oppedal Tokheim, Hardanger saft og siderfabrikk
Frå ernæring til naturleg gjæring: Anna er arbeidande styreleiar i ei lita familiebedrift som gjer sitt beste for å vera framoverlent og dra i same retning, samtidig som dei har ulike innfallsvinklar.
HO er eit nettverk på tvers av bransjar, alder og erfaring – der målet er å byggja relasjonar, dela kunnskap og inspirera kvarandre i ei uformell og inkluderande ramme.
Me gler oss til å samla dykk igjen – til nye perspektiv, gode møte og inspirerande samtalar.
Dørene til loungeteltet opnar kl. 13:00 med velkomst i glaset, programmet startar kl. 13:30. Arrangementet er gratis, men krev påmelding!
Velkomen til HO – styrer!
Me ynskjer så klart at flest mogleg skal bli med på Last Thursday etter HO-styrer! Den tradisjonsrike sommarfesten i hovudfeltet, startar rett etter programslutt. God stemning, mat og nettverk mellom næringsliv, kollegaer og vener – ein kveld du ikke vil gå glipp av! Kjøp billett og les meir HER