Lastar Hendingar

Regnskapskurs for gründere

9. september kl 12:00 - 16:00

Gratis kurs om innføring i økonomi og rekneskap for gründerbedrifter

Etablerarlos Regnskapskurs (1)

Driv du ei oppstartsbedrift eller vurderer du å starte eiga verksemd?

God økonomistyring er ein av dei viktigaste suksessfaktorane for ei ny bedrift. Samstundes opplever mange gründerar at rekneskap, avgifter og økonomiske rapportar kan vere både kompliserte og tidkrevjande.

Næringshagen inviterer difor til eit praktisk og nyttig kurs der Azets Insight AS  gjer ei innføring i økonomi og rekneskap for gründerar og nye verksemder.

Målet er å gje deg betre forståing for økonomien i eiga bedrift, slik at du kan ta gode avgjerder og bruke meir tid på å utvikle verksemda di.

Døme på tema:

    • Val av selskapsform, til dømes ENK eller AS
    • Grunnleggjande økonomiforståing:
      • inntekter og kostnader
      • resultat
      • lønsemd
      • balanse
      • aktivering og avskriving
      • skatt og meirverdiavgift
      • korleis lesa ein rekneskap
    • Meirverdiavgift:
      • når må du registrera deg?
      • kva inneber det?
    • Løn og arbeidsgjevaransvar:
      • arbeidsmiljølova
      • pensjonsforsikring
      • lovpålagde forsikringar
      • reiser og bilhald
    • Finansiering
    • Budsjettering
    • Likviditetsstyring og kontantstraum
    • Viktige fristar og rapportering til offentlege styresmakter

Me ynskjer innspel frå deg

Dette kurset skal vere relevant for deltakarane. Har du spørsmål eller andre tema du ønskjer at me tek opp, oppmodar me deg til å sende desse inn ved påmelding. Slik kan me tilpasse innhaldet til utfordringane og moglegheitene du står overfor som gründer.

Om Azets

Azets er ein leiande leverandør av rekneskaps-, løns- og rådgjevingstenester. Me arbeider dagleg med både etablerte verksemder og oppstartsbedrifter, og ønskjer å dele praktisk kunnskap som kan bidra til tryggare og meir lønsam drift.

Kurset er gratis, men krev påmelding!

Påmelding

Stad

  • Tinghuset, heradsstyresalen
  • Uttrågata 9
    Voss, 5700
    + Google-kart