
Næringslunsj – Hardanger
16. september kl 11:30 - 15:00
Korleis kan kunstig intelligens gi reell nytte og auka verdiskaping i verksemda di?
Hardanger og Voss Næringshage og Kvam Næringsråd inviterer til ein inspirerande næringslunsj hos Hardingsmolt. Du får møte lokale næringslivsleiarar som deler konkrete erfaringar med bruk av KI – og lære meir om moglegheitene, utfordringane og dei juridiske fallgruvene.
Du får høyre om KI i kvardagen frå Frode Sandven, Hardingsmolt. Stig Bruntveit, Elkem Bjølvefossen. Kristin Kvammen – NoLuck. Harris Advokatfirma Norheimsund.
Vi startar med lunsj kl. 11.30. Det vert god tid til fagleg påfyll, spørsmål, nettverksbygging og hyggeleg drøs undervegs. Vi avsluttar arrangementet med ei omvisning i det rykande ferske anlegget til vertskapet.
Velkomen! NB – ta kontakt dersom du har spørsmål, allergiar, eller andre henvendingar vi kan ta omsyn til.