Tre sterke vinnarar fekk Fjord- og Fjellfondet under Vossadagane 2026
DVG AS, Voss MicroZ AS og Ludens Aviation vart tildelte Fjord- og Fjellfondet under Vossadagane 2026. Kvar av dei fekk 200.000 kroner til vidare utvikling av innovative og berekraftige prosjekt i regionen.
VOSSA_DAGANE_1-47
Fjord- og Fjellfondet løftar fram innovative, berekraftige og framtidsretta verksemder i Hardanger og Voss. Under årets utdeling, som gjekk føre seg under Vossadagane 2026, vart det delt ut prisar til tre verksemder som alle representerer nye løysingar og moglegheiter for framtida.
Årets vinnarar er DVG AS, Voss MicroZ AS og Ludens Aviation. Kvar av dei fekk 200.000 kroner til vidare utvikling av prosjekta sine.
Tre ulike prosjekt med sterk framtidstru
Sjølv om verksemdene arbeider innan ulike område, har dei fleire viktige fellestrekk. Alle tre prosjekta er prega av høg innovasjonsgrad, tydelege klima- og miljøgevinstar og eit klart potensial for vidare næringsutvikling og verdiskaping i regionen.
Disruptive Value Group AS
DVG AS utviklar bio-baserte og mikroplastfrie materialløysingar for mellom anna maritim sektor, energi og havbruk. Verksemda arbeider med løysingar som kan bidra til å redusera miljøavtrykket i næringar der behovet for meir berekraftige materiale er stort. Juryen løfta fram prosjektet som innovativt, med stor miljønytte og tydeleg potensial for vidare verdiskaping.
Voss MicroZ AS
Voss MicroZ AS produserer lokalt mikrogrønt med vekt på kvalitet, helse og berekraft. Verksemda har utvikla eit prosjekt som kombinerer lokal matproduksjon med redusert matsvinn og vidareforedling. Dette gir både klimaeffekt og lokal verdi, samstundes som det svarar på ei aukande interesse for kortreist og berekraftig mat.
Ludens Aviation
Ludens Aviation utviklar løysingar for elektrisk luftfart og KI-driven operasjon. Dette er eit framtidsretta prosjekt med høg innovasjonsgrad og eit spennande potensial for ny næringsutvikling i regionen. Verksemda arbeider i eit felt som kan få stor betydning i åra som kjem, både teknologisk og berekraftsmessig.
Ei anerkjenning av framtidsretta næringsutvikling
Fjord- og Fjellfondet er ein pris me i Hardanger og Voss Næringshage deler ut i samarbeid med Sparebanken Norge og Agenda Vestlandet. Målet med fondet er å løfta fram gode initiativ og bidra til å styrkja verksemder som kan skapa positive ringverknader i regionen.
Under årets utdeling var det leiaren for juryen, Reidun Skålheim Solberg frå Sparebanken Norge, som delte ut prisen.
Me gratulerer alle dei tre vinnarane og ser fram til å følgja utviklinga vidare.