Lastar Hendingar

Bioforum: Velkomen til lunsjseminar på Bjørkemoen og huben på Voss

13. februar kl 11:30 - 14:00

Bygginga av biogassanlegget er i gang, larvar har flytta inn. Det arbeidast i kulissane med å få fleire til å etablera seg og bli ein del av symbiosen. Kartet over kven som bør inn vert tydelegare. Kanskje er det deg og di verksemd? Eller kanskje har du dei same visjonane og ambisjonane for korleis næring, matproduksjon, landbruk og avfall skal fungera i lag i 2050? Uansett, du er invitert!

xr:d:DAFzGlYOunM:7,j:343807503996402471,t:23110310

Tid: torsdag 13.  februar kl 11:30 – 14:00
Stad: Bjørkemoen 46

Lunsj 11:30 – 12:00.

Fagleg program:
med atterhald om endringar

  • Endeleg – no er me på plass! Men kva skjer no?
    Elise Sæle Dahle, prosjektleiar Bioparken og Kaia Finne, næringssjef Voss herad vil fortelje om framdrifta i prosjektet, arbeidet som pågår og kva som skal skje utover i 2025. Det vert og ei avduking!
  • Korleis kan Ocean Innovation Catapult bidra til å realisere planene i parken? v/ Dag Finne, prosjektsmed bioprosessering, Ocean Innovation
  • Symbiosen i dag og i framtida – korte presentasjonar frå aktørane i symbiosen 
    – Korleis går det med skaleringa av larveproduksjonen? v/ Alexander Ringheim, Invertapro,
    – Vertikal dyrking av mikrogrønt v/Maido og Maris Pakk, Pakk Microgreens
    – Lokal, berekraftig energiforsyning v/ Christian Rekve Bryn, Cowi
  • Innovasjonslab – kan me laga gjødsel utan utslepp? 
    Øyvind Birkeland, Leiar for miljø og digital kompetanseutvikling, BIR teiknar opp visjonen. Kva ynskjer me å få til i samarbeidet, og korleis fleire kan bli med på laget?
  • Status frå Voss Biogjødselforum v/Lars Istad, Voss Biogjødselforum
  • Omvisning i produksjonslokala

Arrangementet er gratis. Me set stor pris på påmelding så me veit kor mange som vil ete lunsj. 

Påmelding HER