
Bygg, anlegg og eigedomsforum
6. februar kl 15:00 - 18:30
Korleis auka lokal verdiskaping med samarbeid på tvers av og i same næring?

Velkomen til årets fyrste samling for bygg, anlegg, eigedom OG transport!
Me startar med omvisning på Voss ungdomskule, før me tek felles buss til Martin Lid Trelast/ Byggtorget.
Dagens hovudtema er auka lokal verdiskaping: Korleis lukkast med samarbeid på tvers av og i same næring?
Nytt av året er at me og ynskjer transportnæringa i regionen velkomen i forumet.
Enkel servering og felles buss tilbake til sentrum 18.15.
Program:
Med atterhald om mindre endringar
- Omvisning Voss ungdomskule v/ Fuglafjell AS
- Spennande nytt frå Næringshagen: Bygg- og anlegg på Vossadagane og arbeid med kompetansetilbod
- Bedriftspresentasjon og generasjonsskifte v/Morten Lid og Jon Bjarne Lid, Martin Lid
- Samarbeid på tvers – korleis lukkast? v/ Arne Lunestad og Anders Hjartne, Fuglafjell AS
- K5 – kor og korleis kan anleggsbransjen gå sammen om leveransar på K5-prosjektet? Kva «pakkar» er aktuelle? v/Kjartan Hove, Statens vegvesen
Praktisk info:
Det vert servert mat ca klokken 16 hjå Martin Lid.
Tid: torsdag 6. februar 15:00 – 18:30
Stad: Oppmøte Voss ungdomskule, felles buss til Martin Lid Trelast/Byggtorget, buss tilbake til sentrum 18:15.
Pris medlem: 400,-
Pris ikkje-medlem: 1 000,-
Arrangementet er ope for alle i bransjen med interesse for tema!
PÅMELDING HER.
Nysgjerrig på om Bygg, anlegg og eigedomsforum er noko for deg og di bedrift?
Dette forumet vart starta i 2021, og sidan den gong har me i Hardanger og Voss Næringshage samla større og mindre aktørar i bygg, anlegg og eigedomsbransjen. Me såg eit behov for ein felles møteplass for næringa med fokus på fagleg innhald, men like mykje for at næringa kan verte betre kjend med kvarandre og få eit større nettverk. Difor legg me opp til god tid til mingling på kvar samling. Forumet møtast fire gonger i året, med ei samling der me køyrer heilaften. Meld deg på eit av våre arrangement, og sjå om denne møteplassen er noko for deg! Me oppfordrar og transportnæringa som jobbar tett med bygg- og anlegg til å delta!
Forumet er per i dag både for medlemer og ikkje-medlemer av Næringshagen. Ta kontakt med benedicte@hardangervoss.no for å motta invitasjon i framtida!