
Last Tuesday 25. februar
25. februar kl 14:00 - 16:00
Velkomen til Last Tuesday! Tema for dagen: Berekraftsrapportering, ny naturmangfaldsplan og bedriftspresentasjon.

Program:
Berekraftsrapportering v/ Azets Consulting
Atle Sandal og Jens Ludvig Haaland frå Azets Consulting kjem for å gi oss eit inspirerande og innsiktsfult innlegg om berekraftsrapporteing: frå compliance til konkurransefortrinn. Her set dei fokus på korleis bedrifter kan gå frå å berre oppfylla lovkrav til å bruka berekraftsrapportering som eit strategisk verktøy for vekst og innovasjon.
Føredraget tek mellom anna for seg:
- Introduksjon til berekraftsrapportering: Kva er det og kvifor er det viktig?
- CRSD Compliance: Rammeverk, krav og juridiske konsekvensar
- Implementering: Praktiske trinn og verktøy for effektiv rapportering
- Forretningsmoglegheiter: Korleis berekraftsrapportering kan skapa konkurransefortrinn, driva innovasjon og møta investorkrav
Den nye naturmangfaldsplanen v/ Voss Herad
Klima- og miljørådgjevar i Voss herad, Lina Hamre, tek oss igjennom den ferske naturmangfaldplanen til heradet. Kva retning vil naturforvaltninga ta framover, og korleis vil dette påverke nokre bransjar og bedrifter meir enn andre?
Bedriftspresentasjon: Din Omstilling
Din Omstilling er lokalisert i Odda, og hjelp organisasjonar med utviklings- og omstillingsprosessar. Dei tilbyr tenester innan leiarutvikling, teamutvikling, organisasjonsutvikling, Jungiansk Type Index (JTI) samt teamkompasset.
Velkomen!
Praktisk informasjon:
Når: Tysdag 25. februar kl. 14.00 – 16.00
Kvar: Næringshagens nye lokale i Gondolbygget (inngang via Turistinformasjonen)
Lett servering
Påmeldingsfrist 24. februar kl. 12.00