Lastar Hendingar

Webinar: Eigarskifte i SMB

17. juni kl 8:00 - 2. juli kl 17:00

Kunnskap, struktur og gode val i ein avgjerande fase. Webinar tilgjengeleg frå 17.juni-02.juli

WEBINAR EIERSKIFTE I SMB Kunnskap, struktur og gode valg i en avgjørende fase (2)

Eigarskifte er ei av dei viktigaste prosessane ei bedrift går gjennom – men altfor mange startar for seint. Resultatet kan bli lågare verdi, høgare risiko og unødvendige konfliktar.

I dette webinaret får du ei praktisk og heilskapleg innføring i korleis eigarskifte bør planleggast og gjennomførast – anten det gjeld sal av verksemda eller generasjonsskifte i familiebedrifter.

Kva får du innsikt i? • Korleis du førebudar eit eigarskifte på ein god måte

• Val av struktur og kva skattemessige forhold du bør kjenne til

• Korleis ein salgsprosess gjennomførast i praksis

• Korleis du kan redusere risiko for konfliktar og sikre gode prosessar

Ole Tellef Grundekjøn er advokat (MNA) og siviløkonom frå NHH, tilknytt Handelshøgskolen BI og advokatfirmaet Grundekjøn & Co. Han har over 20 års erfaring med eigerskifte, inkludert sal, skatt og generasjonsskifte i bedrifter og familiebedrifter. I dette webinaret vil Ole Tellef gi deg eit betre beslutningsgrunnlag og auka forståing for kva som skal til for eit vellukka eigerskifte.

Etter påmeldinga vil du få lenkje til webinaret som har gyldigheit til 2. juli 2026. Pris 400,-kr

Refleksjonsspørsmål til webinar: Eigarskifte – og generasjonsskifte i SMB

  • Når bør ein starte planlegging av eigarskifte?
  • Bør ein selje aksjar eller verksemda (innmat)?
  • Kor viktig er det å ha eit holding­selskap?
  • Kva gjer ein om ingen i familien vil overta?
  • Korleis unngår ein konfliktar i familiebedrifter?
  • Må ein behandla barna likt ved generasjonsskifte?
  • Kva er «latent skatt», og kvifor er det viktig?
  • Kor lenge tar ei salgsprosess?
  • Når bør ein involvera advokat eller rådgivarar?
  • På kva måte heng eigarskifte og leiarsskifte saman?