Lastar Hendingar

Webinar: Korleis bli kjent med målgruppa di?

29. september kl 9:00 - 10:30

I denne fagsendinga presenterer Synlighet ein konkret metode for å finne målgruppa di, basert på situasjonen dei står i – ikkje på kven dei er på papiret

Skjermbilde 2026-09-01 kl. 12.45.09

De fleste målgruppedefinisjonar handlar om alder, bransje og talet på tilsette. Dei seier lite om kvifor folk faktisk kjøper. I denne fagendinga presenterer Synlighet ein konkret metode for å finne målgruppa di – basert på situasjonen dei står i, og ikkje på kven dei er på papiret. Du lærer også kvifor kjensler ofte avgjer meir enn fakta når du skal snakke med målgruppa di.

Marknadsføringsbyrået Synlighet er mellom anna kåra til årets content – og performancebyrå i 2025 – og er oppteke av at kundane dei jobbar med skal synes der det tel, med rett bodskap til rett målgruppe. I denne fagendinga møter vi Erna Therese Widerøe, som har over 20 års erfaring frå netthandel og merkevarebygging. Saman med seg i studio har ho Michiel Ouwerkerk, med like lang erfaring innan digital strategi, SEO og marknadsføring.

Fagendinga passar både for deg som jobbar med B2B- eller B2C-marknaden.

Førelesarar: Erna Therese Widerøe og Michiel Ouwerkerk frå Synlighet.

Opptaket av sendinga vil vere tilgjengeleg fram til 29.10.26.

Refleksjonsspørsmål:

  1. Skildre målgruppa deira utan å bruke orda alder, bransje eller talet på tilsette. Kor langt kom du?
  2. Når laga de målgruppeomgrepet sist, og kven har brukt det sidan?
  3. Nemn ein konkret situasjon der behovet for produktet deira oppstår. Ikkje kven kunden er, men kva som skjer i livet eller arbeidsdagen deira akkurat då.
  4. Fyll ut stigen: «Produktet/tenesta vår blir kjøpt for å … for å oppnå … for å oppnå … for å oppnå …» Klarer du fire steg?
  5. Hvis produktet/tenesta deira forsvann i morgon, korleis ville kundane ha løyst den same jobben?
  6. Er segmenta deira delte inn etter behov, etter bransje eller etter produkt?
  7. For det viktigaste segmentet: klarer du å fylle ut situasjon → utfordring → løysing → ønskt resultat utan å nemne produktnamnet deira eitt einaste gong?
  8. Når snakka de sist med ein kunde om kvifor dei kjøpte, og ikkje om kva dei meinte om produktet?
  9. Opne den viktigaste produktsida deira. Skildrar den produktet og eigenskapane, eller viser ho vegen frå utfordringa til kunden til det kunden vil oppnå?
  10. Rekn i prosent: kor mykje av innhaldet og annonseringa deira snakkar til dei 95 % som ikkje er i kjøpsmodus i dag?

Har du spørsmål? Ta kontakt med: lilly@hardangervoss.no