
Åsmund Aarsand
asmund@visitvoss.no | +47 95 25 12 01
Åsmund har ein bachelor i landmåling og eigedomsdesign, men på fritida har han alltid vore ein engasjert og kreativ fotograf. På grunn av dette har vegen hans endra retning, og det siste halvanna året har han jobba som digital markedsførar og resepsjonist på Svinøya Rorbuer i Lofoten.
Han har sin største styrke innan foto og video, og har laga innhald i sosiale medier som er sett av over 10 millionar mennesker. I tillegg er han god på markedsføring, enkle Facebook annonser, sosiale medier og strukturering av heimesider.
Åsmund har òg erfaring innan kommunal sektor med både jobb i Eidfjord kommune og Ulvik herad i perioden 2018 til 2022. Her jobba han med både digitalisering av VA-nett, arealplanlegging, matrikkelføring og sakshandsaming av utsleppsløyve.
Åsmund kjem frå Ulvik og likar seg godt i Hardanger og Vossaregionen.