Benedicte Kragh
benedicte.kragh@visitvoss.no | +47 482 46 137
Benedicte arbeider med å gjera Visit Voss og reiselivsaktørane rundt merkevara meir synlege, relevante og konkurransedyktige i ein marknad som endrar seg raskt. Ho kombinerer innsikt i merkevarebygging, digital marknadsføring, web og KI for å hjelpa bedrifter med å nå gjestene der dei faktisk søkjer, planlegg og bestiller reisa si.
I praksis betyr det utvikling og optimalisering av nettsider, innhald og digitale kundereiser som skaper betre synlegheit og fleire førespurnader. Ho arbeider også strategisk med korleis reiselivsbedrifter kan tilpassa seg ein ny digital verkelegheit der stadig fleire bruker KI-verktøy for å finna reisemål, aktivitetar og overnatting.
Benedicte har erfaring både frå næringsutvikling, politikk og gründermiljø, noko som gir ho god forståing for kvardagen, behova og utfordringane bedrifter står i. Det gjer at ho er oppteken av løysingar som er praktiske, effektive og mogleg å gjennomføra i ein travel driftskvardag.
Ho leier og bidreg i kampanjar, innhaldsprosjekt, pressearbeid og samarbeidsinitiativ som «Access Norway», og er samtidig tilgjengeleg gjennom Næringshagens kompetansehub for bedrifter som ønskjer sparring innan synlegheit, marknadsføring og digital utvikling.
Fellesnemnaren i arbeidet hennar er lett: å hjelpa bedrifter med rette grep som gir reell effekt i marknaden.