Silje Heistein Lund
silje@hardangervoss.no | +47 408 55 332
Silje har mastergrad i organisasjonsutvikling og psykososialt arbeidsmiljø. Ho har solid erfaring som prosess- og prosjektleiar, og har jobba innan digitalisering, leiarutvikling, endringsprosessar og organisasjons-og tenesteutvikling.
Med bakgrunn frå kontinuerleg forbetringsarbeid, digitalisering og merkevarebygging, og med kreativ kraft frå grafisk design, har ho både strategisk og praktisk erfaring.
Silje er prosjektleiar for HVK Studesenter, og ønskjer å gjere studiesenteret til ein levande møteplass for læring og samarbeid, i tett samspel med kommunar, innbyggjarar og utdanningsinstitusjonar i regionen. Målet? Eit økosystem som koplar kompetansebehov med utdanningstilbod – og gir meir verdi lokalt.
Opphavleg frå Stange, men lokka til Voss av Ekstremsportveko i 2016 – der ho dyrkar lidenskapen for ski, terrengsykling og padling. Ein draumestad med alt samla på ein plass!