Trude Undebakke
trude@hardangervoss.no | +47 916 83 498
Trude Undebakke er dagleg leiar i Hardanger og Voss Næringshage. Ho har brei leiarerfaring frå energibransjen, finans og konsulentverksemd, og har gjennom karrieren arbeidd tett med strategi, forretningsutvikling, økonomistyring og endringsprosessar.
Ho er utdanna siviløkonom og har eit Executive Masterprogram i omstilling- og innovasjonsleiing ved Norges Handelshøyskole. Trude har opparbeidd seg solid kompetanse innan både operativ leiing og styrearbeid, og er kjend for ein relasjonsbyggjande og tillitsskapande leiarstil.
Som dagleg leiar i Næringshagen er ho særleg engasjert i å styrkja næringsutviklinga i regionen, bidra til berekraftig vekst og vidareutvikla Næringshagen som ein viktig møteplass og utviklingsaktør for lokalt næringsliv.
Trude er opphavleg frå Oslo, men flytta til Vik i Sogn i 2001, og har sterk tilknyting til Voss, med svigermor og gardsbruk på Bulken. Ho er glad i Vestlandsfjella og er stadig å finne på tur i dei både sommar og vinter.