Gründer

Har du ein idé eller vurderer å starte opp eiga verksemd? Frå A til Å, uansett kvar du er i oppstartsprosessen – me kan hjelpa deg.

Etablerarlos

I Voss herad vert gründerhjelp handtert i samarbeid med Hardanger og Voss Næringshage gjennom ordninga Etablerarlos. Tenesta, som er finansiert av Voss herad, gjev gründerar tilgang til 3 timar gratis rettleiing.

Kven passar det for?
Etablerarlos er for deg i Voss herad som har ein forretningsidé du ønskjer å drøfta, eller som nyleg har starta opp selskap og treng hjelp med vidare utvikling av selskapet.

Slik går du fram:

Ta kontakt
Alle førespurnader om gründerhjelp går gjennom «Éin veg inn», ein felles inngang hjå Innovasjon Norge. Der kan du fortelje meir om ideen din, og så sørgjer me for at du får rett hjelp hjå oss.

  • Trykk på knappen under. Du kjem til Innovasjon Norge si nettside.
  • Bla ned og trykk på «Få anbefalinger om veien videre».
  • Logg inn med BankID, og fyll ut skjemaet.

Me svarar deg og avtalar eit møte på kontoret vårt på Voss eller digitalt.

Me kan sjølvsagt hjelpe gründerar som ikkje kvalifiserer til etablerarlosordninga òg. 

Me hjelper gründerar i heile regionen vår, ikkje berre på Voss. Hardanger og Voss Næringshage har kontor på Voss og i Øystese, og dekkjer Voss, Kvam, Ulvik og Eidfjord. Ta kontakt, så finn me ut kva hjelp som passar for deg.

Me hjelper deg gjerne med alt knytt til desse tre fasane gründerar går igjennom:

Kurs og arrangement

Visste du at me har spennande arrangement og kurs i heile regionen?

Me tilbyr eit variert utval av faglege samlingar i Hardanger og Voss. Frå nettverksmøter til kurs og seminar – det er alltid noko interessant på agendaen. Sjekk ut komande arrangement og finn noko som passar for deg!

Me utviklar verksemder, menneske og idear

Din naturlege partner i Hardanger og Voss