Trude Undebakke tilsett som ny dagleg leiar i Hardanger og Voss Næringshage
Styret i Hardanger og Voss Næringshage har tilsett Trude Undebakke som ny dagleg leiar. Ho tek til i stillinga 16. juni 2025.

trude-undebakke (2 av 1)
– Me er svært glade for å få Trude med på laget. Ho har ein solid bakgrunn frå leiande stillingar innan energibransjen, finans og konsulentverksemd, og me er trygge på at ho har den strategiske forståinga og gjennomføringskrafta som skal til for å løfta Næringshagen vidare, seier styreleiar Terje Breivik.
Undebakke er utdanna siviløkonom og har omfattande leiarerfaring. Ho har jobba mykje med strategi, forretningsutvikling, økonomistyring og endringsleiing – og er kjend for si relasjonsbyggjande og tillitsskapande leiarstil.
– Eg gler meg stort til å ta fatt på oppgåva. Å få bidra til utvikling av næringslivet i Hardanger- og Vossaregionen, i eit meiningsfullt samfunnsoppdrag, er både motiverande og inspirerande. Eg ser fram til å bli kjend med teamet, målbedriftene og samarbeidspartnarane – og til å vera med på å styrkja posisjonen til Næringshagen som ein samlande kraft i regionen, seier Trude Undebakke.
Hardanger og Voss Næringshage er ein del av det nasjonale Siva-programmet og har ei sentral rolle i å fremja vekst og verdiskaping i regionen. Med Undebakke som ny leiar ynskjer styret å styrkja både det strategiske og operative arbeidet, med særleg fokus på økonomisk berekraft, utvikling av tenestetilbodet og tettare samarbeid med næringslivet.
For meir informasjon, kontakt:
Terje Breivik, styreleiar – 994 91 315
Trude Undebakke, påtroppande dagleg leiar – 916 83 498