Lastar Hendingar

Bygg-, anlegg- og eigedomsforum Voss, 17.september

17. september kl 15:00 - 19:30

Bli med på ei inspirerande rundreise i nye byggeprosjekt på Voss!

BAE-26-1024x512-panorama-637a9243d940642e17b63eb7af08bb27-u3idoxz09r75

No samlar me bygg-, anlegg- og eigedomsbransjen igjen til ein inspirerande ettermiddag med fagleg påfyll, gode møte og innblikk i nye lokale prosjekt.

Me tek turen ut og ser nærare på prosjekt som har gått frå idé og planlegging til ferdig bygg, og møter folka bak. Her får du både inspirasjon, erfaringar og høve til å slå av ein prat med andre i bransjen.

Ettermiddagen avsluttar me sosialt med middag, øl- og sidersmaking.

Program:

  • Oppmøte ved Haalandshuset, Vangsgata 28, der me køyrer felles buss.
  • Den nye dyreklinikken på Voss. Sindre Reime, Mari Myklebust og Lucie Royle frå Bruket arkitektur tek oss med på omvising i den nye dyreklinikken. Dei deler òg tankane bak løysingane – frå dei første idéane til ferdig bygg, med fokus på korleis bygget er utforma for å møte både dagens behov og framtidige krav til ein moderne dyreklinikk.
  • Vossabia sine nye lokale. Me startar med ein velkomst, før me får omvising i dei nye lokala. Eirik Seim frå Seimen AS og Renate Lunde frå Vossabia fortel om prosjektet.
  • 2-rettars middag og ølsmaking. Bussen returnerer til Haalandshuset, der me får ein 2-rettars middag med Anders Handal Nilsen, og øl- og sidersmaking med Rune Midtun frå Voss Fellesbryggeri.

Me gler oss til å sjå dykk!

Pris: 950 kr for medlemmar, 1450 kr for ikkje-medlemmar. Prisen er inkludert transport, mat og drikke.

Påmeldingsfrist: 15. september.

Påmelding

Stad