
Julelunsj – Øystese
26. november kl 12:30 - 15:00
Velkomen til julelunsj med varm mat, gode samtalar og to nyttige faglege innslag!
Hardanger og Voss Næringshage inviterer medlemmer og andre interesserte til ei triveleg førjulssamling i Øystese. Me byr på varm mat og deler praktisk kunnskap om to tema som er aktuelle for mange bedrifter: Miljøfyrtårn-sertifisering og bruk av kunstig intelligens i kvardagen.
Program
- 11.30–12.15: Velkomen og varm mat
- 12.15–13.00: Miljøfyrtårn-sertifisering
- 13.00–13.30: Pause
- 13.30–14.15: KI og praktisk bruk
- 14.15–14.30: Oppsummering og avslutning
Om temaa
Miljøfyrtårn-sertifisering
Me går gjennom kva sertifiseringa inneber og kva ho kostar. Du får òg vite korleis næringshagen kan hjelpe bedrifta di gjennom kriterium, dokumentasjon og rapportering, heilt fram til sertifikatet er på plass.
KI og praktisk bruk
Konkrete døme på korleis små og mellomstore bedrifter kan ta i bruk kunstig intelligens (KI) i det daglege arbeidet. Ingen forkunnskapar naudsynt.
Praktisk informasjon
Dato: Torsdag 26. november 2026
Tid: Kl. 11.30–14.30
Stad: Skummesalen, Sjusetevegen 14, Øystese
Servering: Varm mat
Pris: medlemmer 250 kr/ ikkje-medlemmer 500 kr
Hugs å melda deg på innan 24.november!
Me gler oss til å sjå deg!