Lastar Hendingar

Vossaspire 1 – leiarutvikling med røter i Voss og Hardanger

21. januar 2027 - 1. april 2027

Eit samarbeid mellom Hardanger og Voss Næringshage og Evoka. Vil du utvikla deg som leiar og bli tryggare på korleis du kan få fram det beste i menneska rundt deg? Vossaspire er eit praksisnært og styrkebasert leiarutviklingsprogram for deg som vil dyrka fram det beste i menneska rundt deg – og samtidig utvikla deg sjølv som leiar.

Skjermbilde 2026-10-06 kl. 09.26.49

​Ein god leiar veit at folk spirar og veks når nokon sørgjer for gode vekstvilkår. Vossaspire er eit praksisnært og styrkebasert leiarutviklingsprogram for deg som vil dyrka fram det beste i menneska rundt deg.

​Dette kurset tek utgangspunkt i din kontekst og det du står i som leiar, og gir deg konkrete verktøy du kan nytta i kvardagen. Gjennom programmet nyttar me ein kombinasjon av lokal natur som klasserom og kvardagen din som treningsarena.​​

​KS har godkjent dette kurset for økonomisk støtte frå OU- midlane. Hugs å senda inn søknad i forkant for å være sikra refusjon. Skjema for søknad kan lastes ned på www.ks.no/ou-soknad.

Slik er programmet bygd opp

  • Programmet vert gjennomført over 4 samlingar, og er basert på praktiske øvingar, sjølvrefleksjon og gruppearbeid.   

  • 16-20 plassar. Ei lita gruppe gjev tett oppfølging og trygt rom for å øva

  • Praksisnære øvingar kombinert med teori, der du får verktøy du kan nytta på jobb dagen etter

​Varig endring krev tid og kontinuitet. Mellom samlingane trenar du på eigen arbeidsplass, slik at ny kunnskap blir til nye vanar og ikkje berre gode intensjonar.

 

Kva sit du att med?
• Auka innsikt i eigne styrkar, verdiar og utviklingsmoglegheiter
• Verktøy som gjer deg meir effektiv i leiarrolla
• Auka kunnskap om korleis du kan skapa motivasjon, engasjement, tillit og gode relasjonar
• Meir energi, betre balanse og eit nettverk for vidare vekst og utvikling

Kven passar Vossaspire for?

Programmet er for leiarar i alle sektorar og bransjar:

• Ny som leiar eller prosjektleiar og ønskjer å byggja eit solid fundament
• Mellomleiar eller teamleiar som vil utvikla eige leiarskap
• Erfaren leiar som ønskjer fagleg påfyll og nye perspektiv

Pris – ekstra medlemsfordel

Pris: 19 900 kr
Rabatt for medlemmer/målbedrifter i Hardanger og Voss Næringshage: 1 500 kr
Pris for medlemmer/målbedrifter: 18 400 kr

Ved påmelding: Merk «Medlem i Hardanger og Voss Næringshage» i bookingskjemaet. Rabatten blir korrigert ved fakturering.

Praktisk informasjon

Datoar og tema:
21. januar 2027 – Kven er du som leiar? Sjølvinnsikt, leiarstil, styrkar og verdiar.
11. februar 2027 – Kven er du som leiar og medarbeidar? Påverknad, relasjonar, tillit og motivasjon.
04. mars 2027 – Å leie i endring, og å vere leiar av endring. Retning, engasjement og trygg leiing gjennom utvikling.
1. april 2027 – Kultur, balanse og vegen vidare. Kva som skaper sterk organisasjonskultur, og korleis du tek vare på energi over tid.

Tid: 09.00–15.30
Stad: Evoka AS, Uttrågata 33, 5700 Voss
Tal på plassar: 16–20

Les meir om programmet og alternative oppstartsdatoer her: Vossaspire

Spørsmål? Send ein e-post til post@evoka.no

Hardanger og Voss Næringshage tilbyr Vossaspire i samarbeid med Evoka.

Påmelding

Stad