Arrangerte hiking & biking workshop på Voss

I september arrangerte Visit Voss ein hiking & biking workshop på Voss, i samarbeid med Innovasjon Norge. Heile 26 utanlandske turoperatørar og 24 norske seljarar deltok.

Foto: Åsmund Aarsand

Hiking and biking workshop

Workshopen har vore ein super møteplass for å visa fram dei unike moglegheitene Norge og Voss har på by på når det kjem til fjell- og sykkelturar, og er starten på fleire gode samarbeid der ein jobbar for å sikre fleire besøk av riktige gjester på Voss.

Deltakarane har fått oppleve aktivitetar omkring Voss, hatt seminar på Scandic, apertiff på Fleischers og ein minneverdig middag på Hangurstoppen.

Deltakarane fekk teste sykling på Voss med guide og eigar av Outdoor Norway, Marcio Franco. Foto: Åsmund Aarsand.

Visit Voss har hausta gode tilbakemeldingar, både om opplegget og bygda vår. Mange av turoperatørane hadde aldri vore på Voss før, og har no opparbeida seg kunnskap om kva fantastiske moglegheiter som finst her. Dette gjer kvardagen deira med å selja Voss som reisemål framover mykje enklare.