Delte ut 140.000 kr i gjenbruksstipend

Ei rullande systove, utnytting av talg som råvare og eit forprosjekt for å hindre matsvinn vart alle tildelt gjenbruksstipend under Vossadagane.

Tonje Een Danielsen, Silje Een De Amoriza, Ingeborg Een De Amoriza, Ellen Astrup, Sofie Torlei Olsen, Martin Hindenes og Jon Grønsberg under tildelinga. Foto: Avisa Hordaland

Tonje Een Danielsen, Silje Een De Amoriza, Ingeborg Een De Amoriza, Ellen Astrup, Sofie Torlei Olsen, Martin Hindenes og Jon Grønsberg under tildelinga. Foto: Avisa Hordaland

-Me er særs nøgde med søkjarane og tiltaka det er søkt om. Det er tydeleg at eit gjenbruksstipend er noko Vossabygda har mangla, og at stipendordninga kan motivera folk til å setje idéen i live, seier Øyvind Birkeland frå IHM.

Totalt vart det motteke åtte søknadar til ein søknadssum på nærare 800.000.

Juryen som bestod av Martin Hindenes frå Voss Sparebank, Ole Erik Lunder frå Green House, Øyvind Birkeland frå IHM og Michael Knüsel og Sofie Torlei Olsen frå Hardanger og Voss Næringshage hadde likevel ingen enkel oppgåve med å vurdere kandidatane.

-Det var fleire gode initiativ og prosjekt blant søkjarane, og det er kjekt å sjå at det er fleire som tenkjer på gjenbruk og redusert svinn som ein del av si verksemd. Denne gongen valde me å prioritere dei tre prosjekta me meinar har størst vekstpotensiale og gjennomføringsevne, seier Martin Hindenes.

Sjølv om alle ikkje vart tidelt midlar, går dei likevel ikkje heilt tomhendt;

-Næringshagen ynskjer å tilby alle søkjarane inntil fire gratis rådgjevingstimar, der dei vil få rettleiing og sparring knytt til deira forretningsidé. Det er fleire av søkjarane som har eit stort potensial, og me ynskjer å leggje til rette for at dei lukkast, seier Michael Knüsel.

Juryens begrunnelse:

Lina Lydvo – systove i campingvogn.

Kandidaten tilbyr ei løysing som bidreg til auka gjenbruk, men som også er med å gjere gjenbruk til noko kult. Kandidaten har ein enkel, men særs funksjonell forretningsidé, og klarar å tilføye Voss noko nytt med sine tenester. Med gjenbruk i fokus bidreg også verksemda med å redusere svinn og forsøpling. Me gratulerer Lina Lydvo og hennar rullande systove med 20.000 kr!

Een gard – hudpleieserien Symre

Kandidaten har gjenbruk og mest mogleg ressursutnytting som ein grøn tråd i heile verksemda si. Vidare har kandidaten klart å lage ein forretningsmodell utifrå ressursar som elles hadde blitt kasta. Som ei tilleggsnæring til den ordinære drifta, imponerar kandidaten med sin heilheitlege «no waste» tankegong, der auka gjenbruk, reduksjon av svinn og forsøpling, men også auka samarbeid på tvers av næringslivet er gjennomgåande. Me gratulerer Een Gard og hudpleieserien Symre med 65.000 kr!

Miljøsmidjo – forprosjekt matsvinn

Kandidaten nyttar både akademiske rapportar og eit ektefølt  engasjement for å skape ei ny berekraftig løysing for lokamiljøet. Med eit ynskt mål om å redusere matsvinn, evnar kandidaten å sjå det store bilete, samstundes som ho tek det ned på eit lokalt plan. Med samarbeid på tvers som grobunn for prosjektet, håpar me at Miljøsmidjo lukkast med forprosjektet sitt, og at tildelinga på 55.000 kr kan bidra i dette arbeidet.

Fakta om gjenbruksstipendet:

  • Oppretta i 2023 etter initiativ frå IHM, Hardanger og Voss Næringshage og Voss Sparebank
  • Er ein del av Sirkulære Voss prosjektet som har som målsetjing om å bidra til grøn omstilling og nyskaping i regionen
  • Er ruta mot eksisterande og nyetablerte verksemder som befinn seg i Voss, Ulvik og Eidfjord
  • Vert tildelt løysingar, prosjekt og tiltak som fremjar sirkulære løysingar og gjenbruk, og som reduserer svinn